«Bygdekvinnelaget vil løfte fram oldemor sitt prinsipp der alt som kunne brukast til mat vart nytta»

Sau og lam gjev oss både mat på bordet, varme klede og unikt kulturlandskap.  

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Kjølsdalen bygdekvinnelag:

Bygdekvinnelaga sin aksjon i samband med verdas matvaredag 16. oktober

Tradisjonelt har nordmenn tatt i bruk fleire delar av dyret, men etter som færre bur på gard, og heller ikkje slaktar sjølve, er vi ikkje lenger så medvitne på kva delar av dyret vi et, eller korleis ein lagar slik mat. Bygdekvinnelaget vil løfte fram oldemor sitt prinsipp der alt som kunne brukast til mat vart nytta.

I desse dagar vert lam og sau henta ned i frå beite. På verdas matvaredag 16. oktober vil vi setje fokus på lam og verdien av å nytte eigne ressursar.

Å ha ein nasjonal matproduksjon med høg sjølvforsyning er solidarisk overfor andre land. Vi skal alle bidra til å innfri FN sitt mål om å utrydde svolt, oppnå matsikkerheit og betre ernæring, og fremje berekraftig landbruk innan 2030. Då må alle land må då ta ansvar for å nytte deira naturgjevne føresetnad ein har til å produsere mat i eige land.

I Noreg er heile 45 % av landet utmarksbeite. Her kan vi ikkje dyrke grønsaker og korn, men drøvtyggarane våre, kan gjere gras og plantar om til næringsrik mat for oss menneska, samstundes som dei held ved like kulturlandskapet vårt. Lokal matproduksjon er viktig verdiskaping og gjev oss lokale arbeidsplassar. Det er òg bra for miljøet sidan kortreist og klimatilpassa mat bidreg til å senke klimautsleppa i landbruket.

Den norske matkulturen er nettopp tufta på bruk av dei lokale ressursane. Formødrene våre åt ikkje så mykje kjøt, men dei nytta alt kunne bruke av dyret. Mat som blod, tunge og mergbein til koking av kraft var ein naturleg del av kosthaldet. Tidsklemma og halvfabrikata har endra matkulturen vår og i dag finn vi mest filetar og kjøttdeig i matbutikkane.

Bygdekvinnelaget meiner tradisjonell matkunnskap og bruk av råvarer er viktig kunnskap for framtida. Skal vi få til eit berekraftig samfunn må vi utnytte matressursane betre enn i dag. Og, for å anerkjenne verdien av dyret, ressursbruken og arbeidet som ligg bak maten er det fornuftig å nytte heile dyret.

Å nytte dyret frå hode til hale kan gje inspirasjon til å lære meir om både kosthald, matproduksjon og matlaging. På kjøpet får du smakfull og næringsrik mat, og nye spennande rettar. Som forbrukar bør du spørje etter fleire stykningsdelar i butikken.

I Kjølsdalen Bygdekvinnelag vil vi markerer verdas matvaredag og aksjonen Bruk heile dyret saman med elevane på Kjølsdalen Montessoriskule. Vi skaffar informasjonsmateriell og råvarer til varm lunsj til elevane denne dagen. Det vert servert lammegryte med rotgrønsaker og poteter etter oppskrift av kjendiskokken Harald Osa, og maten vert laga av ei elevgruppe ved skulen.