«Det er ikkje til å kome frå at vedlikehaldet ikkje har vore tilfredsstillande»

Dette lesarinnlegget er skrive av Thomas Michael Walle, avdelingsdirektør og Kjartan Aa Berge, administrerande direktør, Musea i Sogn og Fjordane.  Foto: Kjell Aga Ulvestad

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Thomas Michael Walle, avdelingsdirektør og Kjartan Aa Berge, administrerande direktør, Musea i Sogn og Fjordane:

I den seinare tida har mykje merksemd nasjonalt vore retta mot bygningsvernet i dei norske musea, og det store etterslepet på vedlikehald av dei antikvariske bygningane som musea forvaltar. Med bakgrunn i ei tilstandsvurdering av dei over 5000 antikvariske bygga som musea i Noreg forvaltar, bestilt av Kulturdepartementet i fjor, er det avdekka at om lag halvparten av desse bygga treng å restaurerast. I dag er det slik at det i musea i Noreg både er mangel på økonomiske ressursar og stor kamp om handverkarar med naudsynt antikvarisk kompetanse.

Når det gjeld Lisetbua, er det ikkje til å kome frå at vedlikehaldet ikkje har vore tilfredsstillande. Av dei 153 bygga som Musea i Sogn og Fjordane forvaltar og som blei kartlagde i 2019, er Lisetbua blant dei 19 bygga som er i dårlegast tilstand. Dette er bygg med alvorlege symptom på forfall. Men der er også 48 antikvariske bygg i samlinga som har vesentlege symptom på forfall, t.d. i deler av bygget.

I ein situasjon der det er avgrensa med ressursar og stor trong for vedlikehald, er det viktig at vi har ei grundig vurdering av kva for restaureringsprosjekt som skal prioriterast. Musea i Sogn og Fjordane sette difor i gong eit arbeid i 2020 der 14 av bygga som er i dårlegast tilstand blei undersøkt basert på faglege kriterium for kulturhistorisk verdi, relevans for musea og ressursbehov. Ideelt burde ei slik vurdering inkludert alle dei 153 antikvariske bygningane som museet forvaltar, men vi valde å forsere dette arbeidet for å få ei vurdering av dei bygga som er i kritisk dårleg tilstand. Grunna koronasituasjonen har arbeidet vore forsinka, men dei tilsette ved museet har gjort ein stor innsats for å levere ein rapport no i haust. Denne vurderinga har konkludert med at blant dei 14 bygga som er vurdert, er det Lisetbua som får høgast prioritet.

Med bakgrunn i dette er det no i haust sett i gang førebuande arbeid med å sikre og tømme bygget. Ei utfordring med Lisetbua er at den ikkje berre er ein kulturhistorisk verdifull bygning, men også er full av kulturhistorisk viktige gjenstandar. Dette har i seg sjølve gjort det løypande vedlikehaldsarbeidet krevjande gjennom åra. Gjenstandsmassen utgjer vidare totalt ei stor last og fjerning av denne kan føra til ei vektfordeling gjennom heile konstruksjonen. Dette kan føre til grunnmuren rasar ut. Difor må bygget sikrast og stabiliserast før det kan ryddast for gjenstandar. Dette arbeidet er alt i gong, og vil halde fram dei neste vekene.

Først når bygget er tømt kan vi få eit godt oversyn over kva restaureringa vil koste. Det er samtidig klart at dette vil vere eit omfattande og kostnadskrevjande prosjekt. Truleg vil det krevje både tid og samla innsats for å sikre dei midla som er naudsynt for å sette Lisetbua i stand. Med bakgrunn i det arbeidet som alt er gjort for å kartlegge bygningssamlinga, er det klart at dette vil vere eit viktig prosjekt for Musea i Sogn og Fjordane.

For Musea i Sogn og Fjordane er Lisetbua å rekne som ei kulturhistorisk viktig bygning. Den kulturhistoriske verdien er m.a. knytt til at bygget står fram i opphaveleg stand, slik ho har vore nytta som sjøbu i ein lang og omskifteleg periode. Ei restaurering av Lisetbua må, slik Musea i Sogn og Fjordane vurderer det, vere grunna i bygningsantikvariske prinsipp og retta mot vidare formidling av Lisetbua som døme på ei type bygning som det er få att av, men som ein gong var sentrale for livet ved kysten.

Det har ikkje vore drøfta internt i Musea i Sogn og Fjordane å overlate eigarskapen av Lisetbua til andre aktørar. Men vi er sjølvsagt budd på å stille til møte med kommunen om vi får ei formell førespurnad.