«Vær ærlege, Ap»

Dette lesarinnlegget er skrive av Daniel Henriksson og Marie Kronen Tveranger i Raudt Kinn.  Foto: Svanhild Breidalen

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Daniel Henriksson og Marie Kronen Tveranger i Raudt Kinn.

Vær ærlege, Ap

Når Jensen skriv at Raudt vil ha dyrere vann i Kinn, så er dette løgn. Raudt og Ap har saman med resten av kommunestyret vedtatt at dette skal dekkast av sjølvkostprinsippet. Altså skal vi hente inn nok i avgift til å dekke kostnadane, verken meir eller mindre. Det vi og Ap er uenige om, er kor vidt sparing av vatn skal lønne seg for folk. Ap stemte for 50 prosent vekting på forbruk. Raudt foreslo 65 prosent.



Raudt har aldri foreslått noko generelt krav om vannmålar i alle bygg. Tvert imot argumenterte vi for at kommunen må slutte å kreve leige for vannmålarar som er nedbetalte for lengst.



Kommunestyret vedtok i desember i fjor at vannmålarar skal installerast i alle nye bustadar, som eit ledd i å fase dette inn i kommunen. I møtet argumenterte vi for at dersom vi no først skal fase inn desse målerane, så må det jo vere fordi dei skal ha ein funksjon. Raudt meiner denne funksjonen må vere at forbruk og avgift heng saman. Både fordi eksempelvis einslege brukar mindre enn storfamiliar, og fordi folk som sparar bevisst kan få ned kostnaden sin.


Mener vannmålere i private hjem er en dårlig idé: – Kommunen har ikke knapphet på vann. Dette blir bare dyrt og usosialt

Doris Christensen og Kim Gunnar Jensen i Kinn Ap reagerer på signalene fra formannskapet om at det bør installeres vannmålere i private husholdninger for å stimulere til redusert vannforbruk.