Beate har skrive eit poetisk innspel i debatten om urørt natur

  Foto: Beate Flataker

Meninger

Her kan du lese Beate Flataker sitt dikt:

Eg kjempar ein kamp inni meg.
Eg kjempar ein kamp mot skadar som har blitt påført meg i ung alder.
Eg hadde lymfekreft som 12-åring.
Eg kjempar ein kamp mot seinskadar.
Eg kjempar...

Medan eg kjempar, kjempar eg for våre vakre fjell.
Det er faktisk min beste medisin.
Gå i fjellet i stillheit.
Vete at i fjellet finn eg ro.
Fjellet er befriande, rensande, energigivande.
Det fyller meg med indre ro.

Fjella ja, kva skjer?
No durer gravemaskinene seg veg i Borgundvåg, på Stad.
Slik dei gjer mange stadar i landet vårt.
Målet er toppen og å setje opp 5 vindturbinar.
Kva gjer dette med landskapet?
Kva avfall vil det bli?
Kva støy vil det bli?
Lavfrekvente lydar, blinkande lys, lysglimt?

Eg har kjent det på min kropp.
Seinskadar kjem snikande, dei er ikkje milde og venlege.

Eg ynskjer å snakke ope om GRØN ENERGI.
Er den so grøn?
Sjå opp på fjellet du har attmed deg.
Ja, om du har eit fjell utan vindturbinar!
Og om du har fjell rundt deg utan vindturbinar.
Sjå føre deg… Ville du hatt desse kolossane på 150- 200 meter oppe på fjellet der du bur?

Husk:
Ingen plass er freda.
Dette er ein vind som bles over heile landet.
Tek seg tilrette.
Snik seg innpå oss.
Vi som framleis demonstrerer i Borgundvågen.
Er vi den store stygge ulven?.

Vi står der fordi vi har ytringsfridom i Noreg.
Vi har lov å meine.
Vi har lov å kome no.
Vi har lov å kome seint.
Vi har lov, fordi dette kom snikande.

Alt er vårt, eller er det vårt?
Noreg vårt fedreland?
Seinskadar kjem snikande.