«Vi ventar framleis på svar, Bjørlo»

  Foto: Privat

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Wenche Hovlid Sortvik, Innbyggjarinitiativet mot vindkraft på Stad:

Vi ventar framleis på svar, Bjørlo!

Vi takkar ordførar for at han tok seg tid til å respondere så uventa raskt med motsvar i Fjordenes Tidende, laurdag 24. oktober. Det må likevel omtalast som ein skivebom av ordførar Bjørlo å omtale sin kommentar som eit «svar til Innbyggjarinitiativet», og dei spørsmål som underteikna reiser i eit innlegg i same avis. Ordførar held seg konsekvent til spørsmål som organisasjonen Stad Landskap har kome med fleire veker attende i tid, og som han påstår at han allereie har svara på. Ordførar sine ytringar reiser mange spørsmål, i tillegg til dei som vi allereie etterlyser svar på. Vi må undre oss over kvifor den politiske- og administrative leiing i Stad kommune ikkje viser meir merksemd i ei sak som får så dramatiske konsekvensar for natur, folk og miljø i kommunen sin ytre del?

På vegner av Innbyggjarinitiativet mot vindkraft på Stad (IBI), viser underteikna til «ope brev til Stad kommune», sendt 18. oktober, og purring sendt 23. oktober. I Fjordenes Tidende, 24. oktober, reiser underteikna spørsmål til politisk og administrativ leiing ved Stad kommune, om kvifor Stad kommune, som har ansvar for å fylgje opp vilkår knytt til dispensasjonsvedtaket gjeldande tilkomstvegen, ikkje har reagert på at arbeidet på ny trasé for tilkomstveg er i strid med vilkår vedteke av Stad kommunestyre, 7. mai? Eit av vilkåra ved dispensasjonen er at Stad kommunestyre krev at utbyggjar dokumenterer bankgaranti for opprydding og tilbakeføring etter konsesjonen går ut, eller i tilfelle konkurs. Dokumentasjon må leggast fram før tiltaket vert sett i verk. Dokumentasjon er ikkje framlagt av utbyggjar i samsvar med kommunestyret sitt vilkår.

Det undrar oss difor at ordførar viser til at «Stad kommune si vurdering er at vilkår til utbyggjar vedkomande dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel er oppfylt». Og at han tilfører at det er «fylkesmannen som er tilsynsmynde for arbeidet som no går føre seg, ikkje Stad kommune. Dette fordi anleggsarbeidet skjer etter konsesjon gjeve av NVE/OED heimla i Energilova».

Innbyggjarinitiativet har gjennom svar frå fylkesmann fått stadfesta Stad kommune sitt ansvar i høve vilkåra knytt til dispensasjonsvedtaket. Fylkesmannen er klar på at det er Stad kommune sjølve som pliktar å fylgje opp vilkår – og avvik knytt til dispensasjonsvedtaket som vart gitt av kommunestyret 7. mai! I ope brev til Stad kommune frå Innbyggjarinitiativet 18. oktober vert det difor kravd snøgg respons frå ordførar; at arbeidet stoggast med umiddelbar verknad, inntil alle vilkår i dispensasjonssøknaden er følgt opp. Det minnast om at Stad kommune enno ikkje har respondert på korkje førespurnad eller purring.

Ytringane til ordførar Bjørlo krev ei klargjering, og svar på viktige spørsmål. Kven har ansvar for kva i «Okla-saka»? Når det gjeld tilsynsansvar, er ordførar lite presis. Vi må undre oss over om roller vert blanda i denne samanheng. Vi minner om at ny trasé for veg vart handsama som dispensasjonssøknad frå kommuneplanen sin arealdel i samsvar med Plan- og bygningslova kapittel 19 «Dispensasjon». Kven er ansvarleg for tilsyn, og kven skal ha ansvar for oppfylging av vedtaket kommunestyret sjølve gjorde gjeldande dispensasjon for tilkomstveg til Okla? Meiner ordførar at fylkesmann og Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) skal setje i verk og fylgje opp vilkåra ved dispensasjonen som kommunestyret vedtok? Er det såleis ordførar si oppfatting, at fylkesmann og NVE skal fylgje opp kommunestyret sitt krav om at utbyggjar dokumenterer bankgaranti for opprydding og tilbakeføring etter konsesjonen går ut?

Okla-saka kan meir og meir minne om ein umogleg «Kafka-prosess» i møte med byråkratiet. Ei rekkje avvik i samband med anleggsarbeidet er dokumentert og oversendt NVE, fylkesmann og Stad kommune. Forvaltningsinstansane skyv ansvaret over til kvarandre – og ingenting vert gjort for å stogge arbeidet på ein konsesjon som alle veit er feil! Ordførar Bjørlo sitt motsvar, må så langt ansjåast som å føye seg inn i rekkja.

Medan gravemaskiner raserer utryddingstrua kystlynghei og karbonhaldig myr i arbeidet med vegen, har fredelege demonstrantar markert sin motstand mot Okla gjennom åtte veker. Folk har stilt opp, i all slags vêr, for å markere standpunkt mot at fleire tusen år gamle landskapsverdiar går tapt ved realisering av vegen og anlegget. Som ordførar sikkert forstår, engasjerer Okla-saka folket i kommunen sin ytre del, djupt! Saka vil ikkje gå over ved å teie den i hel! Det forventast å bli møtt med merksemd, respekt og respons frå kommunen si leiing, på dei områda kommune har ansvar i saka!