Levi, 6. klasse: «Eg skulle ønske eg fekk meir fritid til å gjere det eg ville, og ikkje sitte heile dagen med skulearbeid»

Dette lesarinnlegget er skrive av Levi Hoel Nilsen, 6. klasse ved Stadlandet skule.  Foto: Fjordenes Tidende

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Levi Hoel Nilsen, 6. klasse ved Stadlandet skule.

Leksefri skule

Eg syns at det er teit at når ein er ferdig med skule, er ein ikkje ferdig likevel. Når eg kjem heim og tenker, yes! endeleg ferdig, blir eg irritert og umotivert av all leksa.

Eg vil ha lengre skuletid fordi mamma er strengare enn læraren. Det hadde vore enklare for alle, og alle fikk like god hjelp. Eg skulle ønske eg fekk meir fritid til å gjere det eg ville, og ikkje sitte heile dagen med skulearbeid.

Eg skulle ønske politikarane gjorde skuledagen litt lengre, sånn at vi slapp heimearbeid.

Eg skulle heller ønskt å ha ein ekstra time.