«Kan vi greie å vinne fram slik vi gjorde i kampen mot ein sentraliserande skulebruksplan»

Dette lesarinnlegget er skrive av Einar Rysjedal, vararepresentant for Raudt i Vestland fylkesting.  Foto: Fjordenes Tidende

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Einar Rysjedal, vararepresentant for Raudt i Vestland fylkesting.

Alarm!

Det skal leggjast ned netto 6-7 klassar ved dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane. Det er forslaget frå fylkesdirektør for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune. Vi skriv netto fordi det i rettferds namn også blir oppretta klassar i Sogn og Fjordane.

Ei rask teljing seier oss at fylkesdirektøren også foreslår nedlagt 9-10 klassar i Hordaland. Det er fleire enn i Sogn og Fjordane, vil mange hevde. Sant nok, men står det i eit rimeleg forhold til elevtal?

Dei mindre vidaregåande skulane blei utsette for utpressing og nedleggingsforsøk også før den «frivillige» samanslåinga. Vi hugsar skulebruksplanen og opprøret vi rundt i fylket måtte reise mot denne for å bli høyrt; bl.a. i Høyanger, Måløy, Stryn og Årdal. Og vi lei nok nokre tap den gongen, men jaggu lykkast opprøret på mange vis. Vi hadde eigne fylkespolitikarar som tok makt over økonomi-gnål og dei i administrasjon som stort sett berre såg tal og pengesummar.

Så kjem spørsmålet, når partia som stilte til val i Vestland fylkeskommune i 2019, stort sett har dei same programma som partia i Sogn og Fjordane hadde: Kan vi greie å vinne fram slik vi gjorde i kampen mot ein sentraliserande skulebruksplan «her nord»?

Ja, argumenta våre er minst like gode som før. Men økonomien i Vestland er dårlegare enn i Sogn og Fjordane. Og kjøtvekta sit i Hordaland – for ikkje å seie Bergen. Det var mange som følte at vegen til makta på Hermansverk var lang, og nokre på kysten harselerte med noko dei kalla for «eplehage-perspektivet».

Det skal bli spanande å sjå kva perspektiv som no gjer seg gjeldande. Etter opphavleg plan skal Vestland fylkesting sitt budsjettmøte i desember vere på Hermansverk når fylkestingssalen er ferdig utvida. Korona’n set kanskje ein stoppar for det slik at det blir nettmøte. Men vi i Sogn og Fjordane får kjempe for at «eplehage-perspektivet» likevel gjer seg gjeldande slik at vi slår tilbake tapet av klassar. Dette perspektivet er nok trass i alt betre for Sogn og Fjordane enn storby-perspektivet.