«No har det vore snakka lenge nok om dette. Det er tid for å handle og få gjort noko med det»

  Foto: Pressefoto

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Åsmund Berthelsen, som er styreleiar i Botnane og Årebrot grendalag. Det er også sendt som eit brev til Kinn-ordførar Ola Teigen og Bremanger-ordførar Anne Kristin Førde:

Gjeld breiband/fiber og mobildekning i Botnane og på Årebrot

Bygdene Botnane og Årebrot er utan skikkeleg breiband/fiber, og i delar av bygdene er det svært dårleg mobilsamband. Dette gjer det vanskeleg for verksemdene i området. Og for alle som bur der. Enkelt sagt, så er det vanskeleg å drive verksemder utan eit skikkeleg breiband med stor breidde, og eit mobilnett som ikkje minst er 4G. Alternative løysingar for breiband, mobilt eller knytt til koparnettet er i tillegg dyrt.

No har det vore snakka lenge nok om dette. Det er tid for å handle og få gjort noko med det.

I Bremanger var ikkje Botnane med i dei bygdelaga som det no er gjort avtale for med Telenor. Eit tilbod frå Enivest i mai 2018 er det gjort lite med. Det har vi nyleg fått stadfesta av selskapet. No får vi opplyst at det ligg ein opsjon for Botnane i avtala med Telenor. Det er ikkje konkret nok for oss.

Før sommaren sende vi inn ei liste med interessentar på Årebrot, både fastbuande, verksemder og hytteeigarar. Dette skulle inn som grunnlag for søknad om statlege midlar til utbygging av breiband/fiber. Sidan har det vore lite å høyre. Kinn kommune søkte ikkje om midlar, men hadde sitt eige opplegg som også skulle gje Årebrot breiband med høg kvalitet. Vi ventar endå på tilbakemelding om kva som skal skje.

Vi forventar no at det vert gjort noko konkret for å skaffe bygdene Botnane og Årebrot både skikkeleg og godt brukande breiband, og også øver påtrykk på Telenor for å få tilfredsstillande mobildekning i alle delar av dei to bygdene. Og vi forventar ein klar framdriftsplan for å gjennomføre det ein bestemmer seg for. Vi er trygge på at både verksemder og private vil stille opp med sitt bidrag for å få ting gjort.