«Små skular har små fagmiljø, men smått kan også vere godt»

  Foto: Fjordenes Tidende

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av rektorane ved Stavang skule og barnehage, Steinhovden skule, Solheim skule, Venche Sandvik, Helene Zachariassen, Synnøve Herstad:

Små skular har små fagmiljø, men smått kan også vere godt

I ein artikkel i Firdaposten denne veka, framstiller Utdanningsforbundet dei tre attverande grendeskulane i Kinn som dyre skular med eit dårleg fagmiljø og manglande kollegium. Sidan denne framstillinga stemmer dårleg med verkelegheita, vil vi prøve å gje lesarane av lokalavisa i nordre og søre del av Kinn eit meir utfyllande bilete av forholda ved grendeskulane.

Først vil vi peike på at utdanningsnivået til lærarane på grendeskulane ligg på eit svært høgt nivå i tillegg til ei lang erfaring som kjem elevane til gode. Lærarane er dessutan tilsette gjennom kommunale tilsettingsprosedyrar som sikrar skulane kvalifisert undervisningspersonell. For å heve eigen fagkompetansen i takt med samfunnsutviklinga, har alle lærarar teke vidareutdanning og/eller er i ferd med å ta slik utdanning.

Før koronakrisa var eit faktum, deltok også lærarane på grendeskulane i Flora-regionen på kurs og kompetanseheving på lik linje med dei andre lærarane i kommunen. Eit resultat av dette var at grendeskulane var i stand til å starte nettundervisning på Teams for elevane sine alt måndagen etter at skulane vart koronastengt torsdag 13. mars. Dette var mogeleg nettopp fordi lærarane hadde utvikla IKT-kompetanse både innanfor sine eigne profesjonsfaglege fellesskap og på tvers av skular.

I våre dagar treng ikkje små fagmiljø bety lite kunnskapsutvikling. Eit eksempel på dette har vi henta frå etableringa av facebookgruppa «Korona-dugnad for digitale lærarar» der 60.000 lærarar frå heile landet gjekk saman for å gjere kvarandre gode på digital undervisning i ei svært krevjande tid. Fagmiljøa ved grendeskulane var ein del av dette fellesskapet som kan betraktast som eit stort profesjonsfagleg fellesskap der det på kort tid vart etablert ny undervisningskompetanse i ein utfordrande og krevjande situasjon.

Utvikling av fagkompetanse i små miljø skjer også ved at lærarane deler forskingsbasert kunnskap og kompetanse med sitt eige kollegium eller andre og gjennom faglege diskusjonar og refleksjon for å gjere teori om til praksis for elevane sitt beste. Kompetanseutveksling skjer også i stor grad gjennom arbeidet med tverrfagleg undervisning som har vore ein del av pedagogikken på grendeskulane lenge før introduksjonen av fagfornyinga.

Den viktigaste drivkrafta for å skape gode fagmiljø, er likevel at dei tilsette har positive haldningar, evne og vilje til problemløysing og samarbeid, og eit ekte og oppriktig engasjement for den sosiale og faglege utviklinga til alle elevar på skulen. Det er dette som er skulen sitt samfunnsmandat og som vi ser at lærarane gjer sitt ytterste for å oppfylle kvar einaste dag.