«Vi håper at Teigen høyrer på oss denne gangen»

  Foto: Gjert Myrestrand

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Daniel Henriksson, Raudt Kinn:

Til etterfølging, Ola

Det er budsjettkrise i fleire kommunar enn i Kinn, og den politiske leiinga i eit par av nabokommunane har derfor valt å gå ned i lønn og godtgjersle. Dette la vi i Raudt fram som forslag i vårt budsjettforslag i fjor og til revidert budsjett før sommaren i år, dessverre utan at fleirtalet med Teigen i spissen høyrde på oss.

Vi kan røpe at vi kjem til å foreslå det same igjen i årets budsjett, og håper at Teigen denne gang høyrer på oss. Her har Teigen og Arbeidarpartiet ein gyllen moglegheit til å gjere noko for at ikkje forskjellane i samfunnet vårt skal auke ytterlegare.