«No er det berre reelle budsjettløyvingar som tel. Det er berre ekte pengar som byggjer ekte tunnel»

  Foto: Marianne S. Rotihaug

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Alfred Bjørlo, Vestland Venstre:

Kystvegen: Ekte pengar til ekte tunnel Svelgen-Indrehus

Hanne H. Kristensen (Høgre) etterlyser pengar til Kystvegen i innlegg i avisa søndag 22/11. Dei pengane er Venstre no med å legge på bordet – ikkje berre som opposisjonspolitikk, men som del av eit styringsfleirtal i Vestland fylkesting.



Eg kan gle Kristensen med at dei første pengane til Svelgen-Indrehus kjem allereie neste år (2021). Då kjem det pengar til å ferdigstille arbeid med reguleringsplan. Dei må uansett på plass før byggearbeid kan starte, sjølv om Høgre som ein rein «papirtiger» no går ut og lovar byggestart før reguleringsplan er ferdig. Så har vi gjennom forhandlingar mellom fleirtalspartia i Fylkestinget fått forsert startløyving til byggestart av Svelgen-Indrehus i 2023 – frå Fylkesrådmannen si tilråding om 2024. Resterande finansiering vil sjølvsagt kome fortløpande i åra etter. Ein stoppar ikkje eit hol halvvegs inne i fjellet – og i motsetnad til Høgre har Venstre i Vestland og samarbeidspartia allereie lagt fram eit budsjett der vi syner korleis vi skal gjere det.

Elles er det sjølvsagt bra at Høgre engasjerer seg for Kystvegen. Men det er vanskeleg å følgje med i alle krumspringa. I 2015 sa Høgre sin dåverande fylkesleiar, Arve Mjømen, følgjande om Kystvegen og Svelgen-Indrehus: «Slik situasjonen er for fylkeskommunen, vil det ikkje vere økonomi til å få bygd Kystvegen i overskodeleg framtid. Eg trur det er nyttelaust å realisere den utan statlege bidrag. Nøkkelen er omklassifisering til riksveg.» Difor vende Sogn og Fjordane Høgre saman med Frp seg då til si eiga regjering (den gong rein H/Frp-regjering) og bad om å få Kystvegen omgjort til riksveg. Det lytta ikkje deira eiga regjering til. Det kom inga omklassifisering til riksveg, og ingen statlege bidrag frå Høgre/Frp nasjonalt til Kystvegen.

Så har Venstre og Høgre dei siste fire åra sete saman i opposisjon i Fylkestinget i Sogn og Fjordane, og saman arbeidd hardt for å få Svelgen-Indrehus opp og fram i prioritet på fylkesvegbudsjettet – noko Høgre i 2015 meinte var nyttelaust, men Venstre heile tida har trudd på. Vi lukkast ikkje med å få fleirtalet med på oppstart i førre fylkestingsperiode, men vi lukkast med å få Svelgen-Indrehus prioritert som nummer 1 av nye store vegprosjekt når vi no går inn i Vestland fylke

Den prioriteringa held Venstre beinhardt fast på i Vestland, når vi no ikkje lenger er opposisjonsparti, men skal vere med å lage «ekte» budsjett som skal gjennomførast og føre til bygging av ekte vegar og tunnelar, ikkje berre vakre luftslott. Då er Svelgen-Indrehus prioritet nr. 1 av nye, store vegprosjekt – med fortløpande reguleringsarbeid i året som kjem og byggestart i 2023. Kysten har venta lenge nok på politiske krumspring a la Arve Mjømen, ballkasting mellom stat og fylke og fagre løfte. No er det berre reelle budsjettløyvingar som tel. Det er berre ekte pengar som byggjer ekte tunnel.