«Vis meg pengane, Bjørlo og Venstre»

Hanne H. Kristensen  Foto: Privat

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Hanne H. Kristensen, Vestland Høgre og Kinn Høgre:

Vis meg pengane, Bjørlo og Venstre

«Kystvegen skal byggast!», skriv Venstre-politikar Alfred Bjørlo med fleire i eit lesarinnlegg nyleg publisert i fleire aviser. Dei er enormt glade over å ha sikra ei reell startløyving til det viktige vegprosjektet Svelgen-Indrehus, som vert omtala som inkje mindre enn starten på ei ny tidsrekning for vår region.


Sikrar oppstart med pengar til Svelgen-Indrehus i 2023

– Vi er svært nøgde med at Venstre saman med samarbeidspartia i Vestland fylkehar fått rydda all tvil av vegen: Kystvegen Florø-Måløy skal byggast, og arbeidet med Svelgen-Indrehus som første delstrekning skal starte raskare enn Fylkesrådmannen la opp til.


Eg er 100 prosent einig med dei om det. Problemet er berre at Venstre og samarbeidspartnarane deira i Vestland ikkje har sikra prosjektet, dei har knapt nok påskunda det. I praksis er det dei vedtar ei oppstartsløyving på 5 millionar i 2023. Knapt nok til å køyre fram anleggsmaskinene, som eg høyrde nokon i bransjen nemne. Hadde det berre vore på plass pengar til fortsettinga er det jo greitt nok, men ikkje ein gong dei 45 millionane dei viser til i 2024 er finansierte – langt mindre dei tilsvarande beløpa i kommande år etter det som er nødvendige for å få vegen på plass.

Eg trur alle partia har eit ønske om å få Svelgen-Indrehus og Kystvegen på plass. Men då må ein finne pengane, ikkje berre flytte om på tal. Vestland Høgre lanserte allereie for fleire veker sidan at vi i vårt budsjett har inne pengar ikkje berre til oppstart av prosjektet – men fullføring. I ei tid med lav rente kombinerer vi auka inntekter med krav til innsparing, og meiner dermed at det er forsvarleg å auke låneopptaket. I ei krevjande tid treng vi aktivitet, arbeid og vilkår som gjer at både næringsdrivande og andre skal kunne bidra til vekst i regionen vår.



Svelgen-Indrehus var det høgast prioriterte samferdselsprosjektet frå Sogn og Fjordane, og eg er svært glad for at Vestland Høgre anerkjenner denne prioriteringa. No håper eg dei andre partia gjer det same.