«Det vert hevda at eit vindkraftverk til vil redusere tilflytting. Det tvilar eg sterkt på. Derimot har ikkje kommunestyret problem med å legge ned skuleklassar»

Dette lesarinnlegget er skrive av Sigrid Helene Husevåg.  Foto: Erling Wåge

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Sigrid Helene Husevåg.

Kvifor skal vi ha vindkraftverk?

FN sitt klimapanel har teke ei samanlikning av energikjelder: vindkraft på land har lavast totalt utslepp av CO₂-ekvivalentar per produsert kWh strøm. Reduksjon av CO₂ skal vere viktigast for at ikkje middeltemperaturen skal auke, noko som vil bidra til å oppretthalde biologisk mangfald.

Eit internasjonalt forskarteam har funne at gevinsten ved å gå over til fornybare energikjelder er tydeleg til tross for at det går med mykje metall og råmateriale for å lage solceller og vindturbinar.

Det er stort sett felles semje om at det trengs meir elektrisitet. Kor mykje vi treng og kor vi skal få den frå er meir omdiskutert.

Eg undrast på kvifor ikkje fleire synst det er greit å tene pengar på å selje miljøvenleg straum til utlandet. Strøm er ein lønnsam handelsvare for norske kraftselskap, som gjerne er eigd av staten, fylka og kommunane. Eg har ikkje høyrt argument mot sal av fisk og olje/gass som vi òg har mykje meir av enn vi treng.

Eg ynskjer meir effektiv vasskraft forsyning, gjerne fleir vindkraftverk og ENØK-tiltak. Ynskjer kommande generasjonar å ta ned vindturbinane, er det lite permanent øydelegging av naturen, og den vil på litt sikt vil ta att området.

Eit mykje brukt argument mot vindkraft er at eigarar er utanlandske og at pengane ikkje vert i Noreg. SFE er IKKJE eit utanlandsk selskap. Over 60 prosent er eigd av kommunar i tidlegare Sogn og Fjordane, resten er eigd av BKK, som også har lokale kommunar på eigarsida. Kvifor då ikkje noko meir positiv støtte om dette prosjektet? SFE har sagt at dei er interessert i å ha dette prosjektet på eigne hender og då vert alt av utbytte verande lokalt/regionalt.

For Bremangerlandet vindkraftverk (BV) ligg det endeleg konsesjonsføresegn frå OED. Det betyr at verknaden av plan for vindkraftverket som ligg føre vart vurdert av NVE opp mot den opprinnelege utbyggingsløysinga. Sidan vi har forvaltningsreglar som alle må halde seg til, er eit alternativ utan utbygging ikkje aktuelt å ta stilling til.

Bremanger kommune har heile tida vore positive til prosjektet, og seinast i mai 2019 vart det inngått kompensasjonsavtale (endra ilandføring) med BV. Men etter kommunevalet 2019 fekk den politiske leiinga eit fleirtal som no aktivt jobbar mot framgang for prosjektet.

Det har vore jobba for at kommunar skal få vetorett mot vindkraftverk. Her vil eg hevde at Bremanger allereie ligg an til å ha vetorett; etter valet i 2019 har dei via grundig lobbyverksemd fått forklart nasjonal politisk leiing korleis søknaden om vindkraftverk kan trenerast av kommunen så lenge at dei håpar SFE til slutt vil gje opp.

Hadde sosiale medium kome før vasskraft og smelteverk, hadde truleg ikkje Noreg hatt nokon av delane.

Grunneigarane har eigedomsrett som gjev dei rett til å bruke og råde over eigedommen, dvs at dei kan inngå avtalar om å leige ut areal til vindkraft om ynskjeleg. Her har det sidan avtale inngåing vore fleirtal for vindkraftverk. Det å endeleg kunne få nytte forblåste eigedommar til noko som og er miljøvennlig, og som kan gje litt inntekt, har dei fleste sett fram til.

Eit mindretal har heilt frå starten vore negative, men konstruktive innvendingar kan ofte gje positive innverknad. Men nå vil eg ikkje lengre kalle motstanden konstruktiv. Sjølv om pålegg frå NVE fjernar/redusere argument mot vindkraftverk, er dette utan betydning for motstandarane; her skal prosjektet stoppast uansett kor «bra» det vert. Det er f. eks ingen som må gje frå seg eigedomane sine. Det er snakk om leige av grunn for eit visst antal år, og dette vil ikkje endre bruksområdet for nokon.

Allemannsretten vil framleis vere den same med eit utbygd anlegg. Utifrå erfaring frå andre stadar med vindkraft vil det truleg verte stor auke av ferdsel i fjella, då området vert meir tilgjengeleg.

Det følast frustrerande for grunneigarar som har sagt at turstiar til friluftsliv kan merkast over eigedom; nå vert merka løyper brukt som eit argument mot at eigedommar kan leigast ut/vindkraft kan byggast. Det hevdast bl.a at stien til Vetvika må leggast om til stor (!) kostnad. Vi snakkar om ein merka gangsti av typen DNT nyttar, som normalt vert gjort på dugnad. Her vil BV ta all kostnad som måtte oppstå ved flytting av stien.

Det er òg hevda at området er inngrepsfritt (INON-område). Dette er eit noko uklart begrep. BV ligg ikkje i villmarksprega natur, (5 km eller meir frå tyngre tekniske inngrep), 7 prosent ligg 3–5 km unna tyngre tekniske inngrep og 20 prosent 1–3 km unna. Uansett, så lenge sendaren på Steinfjellet, 150 meter, allereie er i området, får eg null føling av at det er urørt natur. Då må ein heilt andre stadar.

Myrene i området vart vurdert til ikkje å kvalifisere til kategorien terrengdekkende myr.

Ved bygging av veg på myr, skal vasspegelen i vare takast. Bygging på myr skal avgrensast så langt det er muleg, og i så fall skje skånsomt og vasspegelen skal ikkje endrast. NVE vurderer difor at klimaavtrykket blir avgrensa.

Når det gjeld drikkevatn, er det overvaking for å kartlegge før-tilstand i vassdraga, samt å dokumentere at vasskvalitet oppretthaldast under og etter anleggsarbeida.

Det skulle vere i alle si interesse med mest mulig kraftproduksjon per arealeining, og endra planar i samband med konsesjon aukar produktiviteten frå 80 MW til 86,4 MW. For dei fleste er det estetikken som er avgjerande om ein er imot vindturbinar.

Totalhøgd på turbinar går frå 130,5 til 149,5 m, men ein reduserer tal turbinar frå 26 til 18 og vegnett frå 17 til 12 km. Sidan turbinane er trekt lenger inn i planområdet, slår NVE fast at dette ikkje medfører ein vesentlig endring i landskapsbiletet og visuelle verknadar.

Det hevdast at det vert lysforureining, men det er krav om at det skal installerast system som sikrar at hinderlysene i Bremangerlandet Vindpark kun slås på når luftfartøy er i nærleiken.

Eit anna motargument er at lågfrekvent lyd/infralyd gjev helseplager. Varmepumper er ein genial oppfinning, men målingar gjort innandørs av varmepumpestøy har vore dominert av lågfrekvent støy og infrastøy. Kvifor er det ingen som klagar over dette?

Støy frå skipsmotorar går òg under lågfrekvent lyd, og dei som jobbar her er gjerne om bord i fleire veker/månadar. Lyd/støy er ofte subjektivt, og hjernen venner seg til mykje. Om ein gjer opptak av ein samtale på ei strand med noko bølgjer, vil hjernen fjerne støy frå bølgjer, men om ein høyrer lydopptak, vil ein knapt høyre stemmer, berre bølgjer som sler.

Trafikkauka i bygda har òg vore markert og er noko folk vil kunne reagere på, men er akseptert.

Skuggekast gjeld i liten grad for Bremanger, då turbinane ligg nord for bygda. Fem bygningar (ikkje fast bupel) kjem over grenseverdien. Skuggekastverknadane på ein avstand på meir enn 1.500 m kan ikkje forventast å vere til vesentleg plage.

Det vert slått stort opp at turbinane er store drapsmaskiner når det gjeld fuglar. BV har redusert tal turbinar og flytta eit par for å redusere konfliktpotensialet med fugletrekk, då slår NVE fast at det er att tre turbinplasseringar som uheldige mht fugletrekk.

Forslag frå utbyggar med avbøtande tiltak som radarbasert system for nedstenging er ikkje krav. Heller ikkje merking av turbinblad er krav, som etter forsøk på Smøla, er funne å vere veldig effektivt. Det store fokuset på fugledaud er interessant, tatt i betraktning at det i USA er konstatert at dei tre viktigaste menneskeskapte årsakene til at fuglar døyr er: drepen av katt, flyg i bygningar og samanstøyt med kraftleiingar (gjeld mest storfugl). Vindkraft kjem langt nede på lista. Dette er òg anteke å gjelde for Noreg. Eg ser lite engasjementet for desse tre årsakene.

Sesongen 2019/20 vart det drepe over 7.700 rådyr, hjort og elg i trafikken, men det er ingen protest mot desse drapsmaskinene (bilar). Det er fleire av desse dyra som lid lenge før dei eventuelt vert funne og avliva.

NINA har vurdert at norske vindkraftverk sin verknad på insekt er relativt små.

Redusert turisme er eit argument som vert nytta av av dei som er imot vindkraft på Bremangerlandet. Det interessante er at aktørar som driv med turisme er fråverande på motvindsida. Dette viser at dei ikkje ser på vindkraftanlegg som hemmande for turismen.
Eg har personleg erfaring med turisme i nærleiken av vindkraftanlegg, og det har IKKJE vore negative kommentar til anlegget. Vi har merka auka turisme og folk set pris på å gå i «parken». Ikkje alle turistar er «ekstremturistar», mange vil berre komme seg litt opp i høgda og få sett seg omkring. I anlegga er det fine vegar, som òg turistar med «dårleg» utstyr kan nytte.

Sannsynleg berekning visar at det vil gå 10.000 år mellom kvar gong ein farlig isklump treffer ein kvadratmeterrute 210 meter unna, og sikkerheitsavstand er sett til 200 m til kvar turbin. Det skal òg etablerast rutinar med varsling dersom risikoen for iskast inntreff.

Det er òg krav om avbøtande tiltak dersom vindkraftverket har uheldig verknad på tv-signalar.

Turbinblada kan avgje mikroplast pga. slitasje av maling. Blant motstandarane vert det hevda at det vil verte spredd 720 tonn frå 54 turbiner i løpet av levetida. Her saknar eg at folk tenker litt sjølvstendig/brukar logikk når dei ser tala. Men desse påstandane vert referert skremmande mange stadar.

Leiande turbinprodusentar estimerer at bladslitasje på moderne vindturbinar på land er mellom 0-50 gram per blad per år. Dette skulle tilsvare 0-4 kg over ein periode på 25 år, per turbin. Til samanlikning er slitasjen på eit bildekk 1,5 kg i løpet av levetida. Sei at levetida er 5 år. Då har ein bil i la 25 år slept ut 30 kg mikroplast/gummi, medan ein vindturbin har slept ut 0-4 kg

For Guleslettene som er kome i drift, vart det fleirtall for å forlenge konsesjonen. Argument var at når «det er gitt konsesjon, at det skal vedvare». Det interessante er at BV òg har fått konsesjon, men her gjeld andre reglar. Det politiske spelet som her viser seg etter valet i 201.9, gjer ikkje at ein får auka tillit til politikarar

Bremanger er ein fråflyttingskommune. Det vert hevda at eit vindkraftverk til vil redusere tilflytting. Det tvilar eg sterkt på. Derimot har ikkje formannskapet problem med å legge ned skuleklassar i Ålfoten som alt har bidrege mykje til inntektene til kommunen, og Kalvåg som ser mange fleire vindturbinar enn det BV vil ha. Desse to bygdene har likevel har positiv tilflytting. Lokal skule og støtte innad i bygda betyr meir enn kva ein ser frå stovevindauge.

Garantistilte midlar (etter 12. driftsår) skal sikre fjerning og opprydding om BV skulle gå konkurs/det ikkje er pengar i selskapet. Første 12 år er restverdien på anlegget så stor at det vil bli solgt og videreført av andre eigarar.

Eg skulle ynskje at fleire såg lengre enn personlege interesse. Jobb heller for å innføre naturressursskatt, slik vasskraftprodusentar betaler.