«Vi støttar dei gravide familiane i Kinn kommune»

Dette lesarinnlegget er skrive av Den norske jordmorforening avd. Florø, ved Anne Hopland, Kari Klocke og Ingeborg Eldevik.  Foto: Svanhild Breidalen

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Den norske jordmorforening avd. Florø, ved Anne Hopland, Kari Klocke og Ingeborg Eldevik.

Vi støttar dei gravide familiane i Kinn kommune

Det er føreslått å legge ned jordmorvakta i Florø og overføre desse ressursane til svangerskapsomsorga i Måløy. Avtalen med Helse Førde om kjøp av jordmorteneste til Måløy og tilbod om barselopphold på God Start skal seiast opp.

Vi ynskjer å komme med vår vurdering av saka.

Jordmortenesta i Florø har vore kommunal sidan 1999. Vaktberedskapen på 80 % er døgnbasert og jordmor får betalt for kvar 5.time vakt. Kommunen betaler for bakvakta og evt utrykning på «blind alarm» (utrykning som ikkje fører til ambulansefølge) . Helseføretaket betaler jordmor for følge i ambulanse.

Kinn kjøper 70 % stilling av Helse Førde. Dette gir 50% jordmor til svangerskapsomsorg på dagtid i Måløy, følgeteneste og barselopphald på «God Start» på Nordfjordeid. Det er vanskeleg å sjå at 40 % med jordmorressurs frå Florø kan dekke dette tilbodet.

Jordmorvakta i Florø gjev tilbod ut frå den gravide sitt behov i heile svangerskapet, og er ikkje berre knytt til følge til sjukehuset. Det er lett for den gravide å nå oss for rådgjeving eller konsultasjonar. Vi vurderer den gravide og barnet si helse ved bla blødning, fare for abort, når barnet sparkar lite, magesmerter, premature rier, dårleg fosterlyd, kvinner som har vore utsett for traume eller er sjuke. Vi tilviser FSS ved behov. Jordmor vurderer også kor langt den gravide er komen i fødsel, om ho kan vente heime eller dra til sjukehuset. Til dømes blir gravide med vannavgang uten rier, ikkje innlagt før etter 24 timer, då kan kan vi vurdere mor og barn om dei er urolege. Dei fødande blir først mottekne i avdelinga når dei er i aktiv fødsel.

Jordmorvakta er mykje meir enn følgeteneste. Dersom den blir lagt ned, vil einaste alternativ bli møtekøyring frå FSS. Dei gravide vil komme seinare i kontakt med jordmor, også dei som vi hentar med ambulansebåt frå øyane. Dei som bur på øyane utanfor Florø har meir enn 90 minutters reiseveg til fødeavdeling. Ikkje alle bur i Florø sentrum. Om fødselen går raskt vil det bli ambulansepersonell som assisterer den fødande.

Jordmor sine oppgåver på dagtid:

Fødselstalet har gått ned, men gravide sine utfordringar og jordmor sine oppgåver har auka. Vi jobber systematisk med tema som vold/kjønnslemlestelse, rus (TWEEK) med , psykisk helse (EPDS), foreldrerolla og tilknytning til barnet som skal komme, livvstil og kosthold, ammerettleiing, forbereding til fødsel, med mykje meir i tillegg til svangerskapskontrollane. Mange treng ekstra oppfølging. Dette er viktig folkehelsearbeid og det er mykje kunnskap om kor viktig foreldre si helse og relasjon er for barnet si utvikling.

Barseltilbod:

Kommunen er pålagt å ha eit barseltilbod. I følgje vegleiar er det anbefalt at familien får heimebesøk innan 1-2 døgn etter heimkomst.

I Florø får alle tilbod om heimebesøk første virkedag etter heimkomst. Jordmor vurderer mor og barn si helse og gjev amme- og foreldre vegleiing. Barseloppfølging er viktig for å oppdage bla dehydrerte barn og barn med gulsott eller infeksjon, tilstander der timer kan vere avgjerande for utfallet.

Jordmorvakta vart tidlegare brukt til å gje tilbodet også på ettermiddag , helger og høgtider, men pga pålagt innsparing i helsestasjonen vert dette tilbodet gitt berre i spesielle tilfeller utenom «kontortid».

Barselfamiliane i Måløy får oppfølging frå «God Start« på Nordfjordeid. Foreldre og barn kan reise frå Førde seks timer etter fødsel. Familien kan vere på «God Start» til amming er etablert og familien føler seg klar til å dra heim. Dei kan også ta kontakt med avdelinga etter heimkomst.

Kartleggingar og spørreundersøkelsar frå St. Olavs hospital og frå Canada viste at det er viktig med ein første kontakt med helsepersonell tidligast mogeleg etter heimreise ut frå individuelle behov. Jo raskare kvinnene fekk heimebesøk, dess meir nyttig opplevde dei kontakta. Siste undersøkelsar frå helsedirektoratet viser at fødselsdepresjoner har auka med 75 % under pandemien og vi merkar auka bekymring hos dei gravide. Ein systematisk oversikt viste at heimebesøk truleg gjev færre deprimerte kvinner etter fødselen. Det er også påvist at det er samanheng mellom grad av oppfølging i barseltida og depresjon og ammefrekvens, og at deprimerte kvinner ammar mindre enn andre. Tilknytninga mellom mor og barn etter fødselen kan påvirkast av depresjon, og ei god tilknytning til mor er viktig for god psykisk helse hos barnet. Tilbod om veiledning av foreldre i deira eige miljø, kan gje familien ein god start på barseltida. Eit målretta heimebesøk kan for mange kvinner og nyfødte erstatte ein poliklinisk konsultasjon i spesialisthelsetenesta.

Jordmorvakta:

Jordmor har teke imot fem florøværingar sidan førre forslag om nedlegging.

Dei fødande er redde for å ikkje nå fram til fødeavdelinga i tide, og dei synest det er trygt å vite at jordmor kan komme raskt. Utan vaktordning vil gravide bruke mykje energi på denne bekymringa. Fleire vil også oppleve «bomtur» dvs at dei reiser til fødeavdelinga for tidleg, med resultat at dei blir sendt heim att. Jordmødrene i Florø har lang erfaring med å jobbe åleine på vakt og å vurdere behov og selektere risiko frå det som er normalt. Det er til stor nytte med overføring av kunnskap frå svangerskap til vurdering på vakt.

Vi opplever også at AMK og hjelpepersonell på ambulansar synast det er vanskeleg å vurdere hastegrad. Dette er vanskeleg og krever lang erfaring frå denne type arbeid. Kvalifisert personell er viktig å ta vare på.

Det har vore lett for oss jordmødrene å ta kontakt med fødeavdeling med jordmødre og gynekologar i tida jordmorvakta har eksistert. Det har også vore lett for dei å ta kontakt med oss for vidare oppfølging og vurdering av gravide og barselkvinner når dei har hatt behov for det. Jormorvakta har også nytta barnelegar på barneavdelinga ved behov for ekstra vurdering eller innleggelse av nyfødte barn.

Vi opplever at gravide føler tryggheit til å ringe til oss før tilstandar blir alvorlege. Dette har truleg forhindra kritiske utfall.

Kinn kommune:

Kinn kommune må bruke pengane klokt og fordele ressursar til alle innbyggarane både i nord og sør.

Ved etablering av Kinn Kommune vart det vedteke at både Jordmorvakta i Florø og avtalen med Helse Førde i Måløy skulle vidareførast. Behovet til dei gravide og barselfamiliane har ikkje endra seg sidan det. No er det etablert nytt asylmottak i Florø, dette medfører auka behov for oppfølging i svangerskaps-og barselomsorga.

Kinn kommune har ei god svangerskapsomsorg til den gravide familien. Jordmorvakta og God Start er ein del av dette tilbodet. Jordmor er lokal fagperson med lang erfaring. Jordmor er lett tilgjengeleg, har kjennskap til den gravide familien og det er kontinuitet i omsorga rundt svangerskap, fødsel og barsel. Flora kommune forplikta seg i 2017 til å vere med i kompetansehevingsprogrammet «Tidleg inn». Tidleg inn starter i svangerskapet

Å prioritere dei gravide og barselkvinnene og familiane deira forutset at kommunen tek vare på kompetansen og vaktordninga som dekker alle døgnets timar. Det er grunn til å tru at i framtida vil sykehusopphald etter fødsel bli kortare enn kva det er i dag, noko vi har sett tydeleg under pandemien. Dette krev eit organisert barseltilbod i kommunen.

Dersom politikarane vel å vidareføre dagens ordning, er det viktig at dette ikkje medfører kutt i andre deler av Kinn helsestasjon. Alle kutt i helsestasjonsbudsjettet vil gå utover sårbare barn og familier.

Alle gravide og barselfamilier i Kinn fortener eit godt tilbod.