«Kunnskapsløyse eller «fake news» frå Senterpartiet?»

  Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Ove Trellevik. Høgres talsperson kommunalpolitikk:

Kunnskapsløyse eller «fake news» frå Senterpartiet?

Det er ikkje uryddig å påpeike at Senterpartiet fjernar regionsentertilskottet. Det er heller ikkje usant at dei gjer dette, slik Erling Sande hevdar.



Høgre kjem aldri til å delta i bodkampen Ap, Sp og SV har om kven som kan bruke mest pengar i offentleg sektor. Denne overbodskampen skal dei finansiere med ei gigantisk auke i skattar. Fleire milliardar. Konsekvensen av ein slik politikk kjenner med.

Det var ikkje det mitt innlegg handla om. Mitt innlegg handla om det faktum at Senterpartiet og Arbeidarpartiet fjernar regionsentertilskottet til dei nye kommunane i sine budsjett, og at gevinsten for dette grepet går til dei folkerike kommunane som Oslo og Bergen.



Både Sp og Ap bekrefta i budsjettdebatten i Stortinget at desse midlane vart i deira budsjett lagt til det generelle innbyggartilskotet. Då vinn dei folkerike kommunane. Erling Sande burde bruke fakta. Poenget til Høgre er at dette tapar alle dei nye kommunane på, uansett overbodskampen mellom Ap, SV og Sp. I tillegg fjernar Senterpartiet reformstøtta, slik Erling Sande bekrefta. Senterpartiet vil ikkje gje noko økonomiske verkemiddel i framtida for dei kommunane som sjølve vel å slå seg saman. Det ser tvert om ut som om Senterpartiet vil straffa dei som har gjort det, med å ta frå dei regionsentertilskotet.