Ein planet - to kriser: Respons

«Sjølv om pandemien kan kome under kontroll, vil likevel alvorlege følgjer særleg av klimakrisa kunne stoppe ei bærekraftig utvikling»

Dette lesarinnleggget er skrive av Aage Kvendseth og er eit svar på responsen han fekk på eit tidlegare innlegg han hadde skrive Ein planet - to kriser.  Foto: privat

Meninger

Dette lesarinnleggget er skrive av Aage Kvendseth og er eit svar på responsen han fekk på eit tidlegare innlegg han hadde skrive Ein planet - to kriser.

Ein planet - to kriser: Respons

Eg fekk eit innspel til det eg skreiv i Fjt under denne tittelen ei tid tilbake. Det takkar eg for. Kommentaren gjeld vel at eg burde fokusere meir på befolkningsveksten i verda. Det er sikkert rett. Difor vil eg kome med nokre av dei fakta eg gjerne kunne ha teke med. Eg vil vise til boka «Factfulness» av Hans Rosling med fl., 4. opplag 2020.

Når forfattarane til dømes spør norske lærarar (eller folk i andre vestelege land) om kor mange barn (0 – 14 år) det vil vere i verda i år 2100: 2 milliardar som no, 3 milliardar eller 4 milliardar, svarer berre 9 % av dei norske lærarane rett, i verda elles bommar 85 % av dei spurde. Sannsynlegvis ville eg og ha bomma. Svaret er ifølge FN sine befolkningsekspertar (Jfr. FN sine heimesider) 2 milliardar som no, på grunn av ei gradvis utflating vidare i århundret.

Kvifor? La oss seie det er om lag 8 milliardar menneske i dag. Om 80 år vil vi truleg vere 10 – 11 milliardar menneske, men då har veksten for lengst begynt å flate ut.

Kven vil då utgjere denne veksten? Svaret er: Vaksne, dei mellom frå 15 til 75 år. Talet på barn har allereie slutta å auke i same takt som før. Då eg vart fødd i 1949, fødde kvinner i gjennomsnitt 5 barn. No er snittet i verda 2.5 barn og det synker.

Kvifor? Stadig fleire kvinner og menn kjem seg ut av ekstrem fattigdom, dette gjeld no milliardar av menneske. Då treng dei færre barn, dessutan døyr færre barn no, stadig fleire får gå på skule, ikkje minst jenter. Det gir betre tilgang til jobb og inntekt slik at foreldre kan gje barna betre ernæring. Seksualopplysning kombinert med betre tilgang på prevensjon er ein annan positiv faktor. Difor seier Rosling, med fakta frå FN, er perioden med rask befolkningsvekst snart over.

Saman med andre positive faktorar i utviklingstendensane i verda, vil dette kunne gå mot ei stadig betre framtid for fleire, meiner Rosling.

Eg greier ikkje å vere så optimistisk no. Sjølv om pandemien kan kome under kontroll i året som kjem, vil likevel alvorlege følgjer særleg av klimakrisa kunne stoppe ei bærekraftig utvikling – på planeten.