«Kor er realismen, Heen?»

  Foto: Gjert Myrestrand

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Geir Oldeide, og er eit svar til Aleksander Øren Heen:

Kor er realismen, Heen?

Du hevdar at Vestland fylkesting etter lova ikkje kunne ha bestemt folkerøysting. Men det stemmer slett ikkje. Lova sier nemleg heilt klart det motsette: «Kommunestyret eller fylkestinget kan selv bestemme at det skal holdes rådgivende folkeavstemninger om forslag som gjelder henholdsvis kommunens eller fylkeskommunens virksomhet.(§12-2)»

Så hevdar du at kritikken går på at Sp ikkje ville støtte Raudt sitt budsjettforslag. Det er ikkje det kritikken går ut på. Forslaget frå Raudt var eit såkalla verbalforslag som Sp utmerka godt kunne ha støtta sjøl om de ikkje ville støtte Raudt sitt alternative budsjett. Det var fleire andre som gjorde det slik (FNB og uavhengige).



Men så skal du ha for å vere ærleg når du skriv: «Me er ein del av ein fleirtalskoalisjon, og styrer på vår felles politiske plattform.»

Det er vel nettopp det som er sakens kjerne. De er i eit samarbeid med Ap, SV, MDG og fleire om posisjonane på fylkestinget. Dermed blir det sirkusnummer med riding av to hestar. På den eine sida stemme nei til Raudt sitt forslag om folkerøysting, og deretter gå ut i media og seie at ein vil ha folkerøysting.

Eg må også minne om at Raudt i 2018 reiste følgande forslag i Stortinget: «Stortinget ber regjeringen fremme sak om oppheving av tvangssammenslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane fylker. Forlaget fekk berre Raudt si eine stemme! Også Sp stemte imot. I staden reiste Sp i lag med dei andre raud/grøne følgande forslag: Stortinget ber regjeringen legge til rette for at fylkestingene i Hedmark, Oppland, Sogn og Fjordane, Hordaland, Vestfold og Telemark gjør vedtak om hvorvidt de ønsker at vedtatte fylkessammenslåinger skal oppheves. I de tilfeller der ett eller begge fylkesting gjør vedtak om at de ønsker at vedtatte fylkessammenslåinger skal oppheves, bes regjeringen fremme sak til Stortinget om oppheving av disse fylkessammenslåingene.»



Raudt stemt subsidiært for dette forslaget når vårt eige forslag falt. Syns du, Aleksander Øren Heen, at du og Sp har fulgt opp dette vedtaksforslaget frå Stortinget i dykkar arbeid på fylkestinget.

Eg tek gjerne imot invitasjonen om konstruktiv dialog for korleis vi skal få til reversering av Vestland. Men då må de slutte med slike handlemåtar som dette. Og de må legge vekk førestillinga om at ingen ting kan skje før etter neste Stortingsval.