«Korona har gjort mykje med oss. Men kanskje har vi også lært noko som er verdt å ta med inn i det nye året?»

  Foto: Jostein Vedvik

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Torbjørn Vereide, stortingskandidat for Arbeidarpartiet:

Tru, håp og fellesskap!

For eit år! Lite visste vi kva som sto oss i vente når vi talde ned mot midnatt på dørstokken til 2020. Korona har gjort mykje med oss. Men kanskje har vi også lært noko som er verdt å ta med inn i det nye året?

Om det er ein ting som eg ser lyst på, så er det at vi som samfunn har fått større respekt for alle kvardagsheltane som har halde samfunnet og kvardagen leveleg under denne koronapandemien. Det bør ein ha i minne før ein pratar ned enkelte yrkesgrupper. Uansett kva du jobbar med: Arbeidet ditt er verdifullt. Og det må vi aldri gløyme.

I 2020 er vi mange som har fått kjenne på kva isolasjonen kan gjere med oss. Kva vi saknar, og kva vi går glipp av. Kanskje har det også gitt oss ei betre forståing og medkjensle for alle som kjenner på einsemda til vanleg. Kor viktig det er med gode møteplassar uansett kva familien din har i lommeboka.

Ikkje minst er denne tida kanskje ei påminning om kor viktig det er at vi har tilstrekkeleg med tilsette i eldreomsorga slik at dei får tid til meir enn berre stell og medisinar. Uansett om du er ung eller gamal, så betyr den daglege samtalen mykje meir enn det vi skulle tru.

Når vi no går over i det nye året. Så tek vi også med oss nokre fornya lærdommar. Om kva som betyr mest for oss i kvardagen, og kven som stiller opp for oss når vi verkeleg treng det.

Koronapandemien har på mange måtar blitt er eit forstørrelsesglas på forskjellane i samfunnet som allereie har vore der. Dei sårbare har blitt meir sårbare, og den veksande forskjellen mellom folk har blitt endå større. Det må vi ta på alvor.

Difor kan vi ikkje seie oss fornøgd med å berre gå tilbake til det som vi pleidde å ha. Samfunnet vårt må byggast sterkare.

Om det er ein ting som vi har lært dette året, så er det verdien av sterke fellesskap. Då kan vi ikkje møte det nye året med endå fleire ostehøvelkutt i velferda og sikkerheitsnettet. I 2021 må vi stille opp for alle dei som har stilt opp for oss. Det skulle berre mangle.

Ta vare på kvarandre!

Dette året møter vi saman.