«Det er vel på tide å stoppe opp og tenke litt etter kva ein hadde for forventningar og om dei har halde stikk eller om det har blitt noko heilt anna»

  Foto: Gjert Myrestrand

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Geir Oldeide:

Kinn – status etter første året

Det er vel på tide å stoppe opp og tenke litt etter kva ein hadde for forventningar og om dei har halde stikk eller om det har blitt noko heilt anna. Eg konstaterer at både Teigen og Maurstad som to av hovudarkitektane og drivkreftene har uttala seg. Dei skuldar begge to på at staten ikkje har gjeve Kinn dei «gulrøtene» som var lova. Dei trudde altså at Kinn skulle få nokre tilskot som er halde tilbake. Kva er dette for tilskot? Det seier dei ikkje. Men frå sentrale politikarar er bodskapen at Kinn har fått akkurat det Kinn skulle få. Fleire har utfordra Teigen og Maurstad på om dei ville gått inn for å slå saman Vågsøy og Flora dersom dei hadde visst det dei no veit. Eg sluttar meg til den utfordringa.

Også Heggheim har uttala for ei tid tilbake at han hadde forventningar/føresetnader for Kinn-prosjektet som ikkje har slått til. Også han snakkar om store gulrøter som har uteblitt. Han er også klar på at ei kommune må henge saman geografisk for å vere berekraftig. Alle ser fornufta i dette, liksom dei fleste ser at Bremanger ikkje kjem til å bli medlem av Kinn. Ville Heggheim gått inn for samanslåing dersom han hadde visst det han veit i dag?

Hypotetiske spørsmål, ja vel. Men dei er i høgste grad rettkomne. Både fordi dei syner at dei personane som skulle visst best ikkje kom med korrekt informasjon. Og fordi ein pliktar å erkjenne når ein har teke feil. Då må ein gjere opp status og sjå om dette byggverket er bygd på dårleg grunn.

Koronapandemien har sjølvsagt påverka mykje av drifta til kommunen dette året, men mitt inntrykk er at mange sit att med kjensla av at dette har vore eit feilgrep. At dette aldri skulle ha blitt gjort. At dette ikkje vil bli noko fornuftig, effektiv og berekraftig kommune. Korkje for Flora-folk eller Vågsøy-folk. Men eg veit ikkje. Det blir svært interessant å få målt dette skikkeleg gjennom ei meiningsmåling eller ei folkerøysting. Det er berre kommunestyret som kan setje i verk ei folkerøysting. Kunne Teigen og andre som har slik tru på denne kommunen tenke seg å høyre folket si meining om den ved ei folkerøysting? Om svaret er nei så får vi vel sørge for at det blir ei skikkeleg meiningsmåling i alle fall.

Vi går inn i eit interessant år. I den kommande valkampen blir kommune- og regionreforma ei viktig sak. Det er dei fleste einige om. Kinn sin lagnad blir nok eit av spørsmåla der. I tillegg skal vi vel i løpet av året få vite kva fasiten blir når det gjeld arbeidsgjevaravgifta i den samla kommunen. Det er eitt av dei store attståande spørsmåla der ja-sida og nei-sida hadde tvert motsett oppfatning av resultatet.

Godt nytt år!