«Så lenge eit fleirtal av folk i Sogn og Fjordane ynskjer å gjenopprette Sogn og Fjordane fylke, har vi tru på at det er mogleg å få til»

  Foto: Torunn Flatjord/Senterpartiet Sogn og Fjordane

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Erling Sande, Aleksander Heen og Emma Berge Ness som er dei tre fremste kandidatane på Senterpartiet si stortingsliste 2021:

Ja til Sogn og Fjordane

Eit klårt fleirtal av folk i Sogn og Fjordane vil gjenopprette Sogn og Fjordane fylke. Det viser ei meiningsmåling utført av Sogn Avis, Firda og Firdaposten. Senterpartiet er samd med dei som meiner at Sogn og Fjordane fylke er ei betre løysing enn Vestland fylke. All den tid Høgre sit i regjering og styrer landet, kan vi forstå dei som har mista trua på at det er mogleg å gjenopprette Sogn og Fjordane. Samstundes har det sjølvsagt noko å seie kva fleirtalet i folket meiner. Noreg har folkestyre og til hausten er det stortingsval. Det gjer oss optimistiske på Sogn og Fjordane sine vegner.

Samanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland er ein del av regionreforma som er drive fram av høgreregjeringa noverande fleirtal på Stortinget. Dersom det vert eit nytt fleirtal på Stortinget etter stortingsvalet i september, kan det fattast eit nytt vedtak som oppløyser samanslåinga. Gigantfylka Viken og Troms og Finmark har allereie varsla at dei vil søke om oppløysing dersom eit nytt fleirtal gjer politisk rom for å ta opp igjen saka på Stortinget. Det er ingen grunn til at Vestland ikkje kan gjere det same.

Nokre meiner at å oppløyse samanslåingane vil vere økonomisk uklokt. Dette er stort sett dei same som er ansvarlege for at det med vitande vilje er brukt tid, krefter og pengar på ei reform som dei fleste var mot. Vi meiner at eit velfungerande og legitimt fylkesnivå er verdifullt. Det vil aldri koste mindre pengar å gjenopprette Sogn og Fjordane fylke enn det gjer no. Det som førebels har kosta mest pengar med å slå saman fylker, er å få på plass nye felles datasystem og arbeidsmåtar. Tilsvarande pengebruk vert ikkje nødvendig ved ei oppløysing. Folka, kontora og kompetansen som trengs for å drive Sogn og Fjordane fylke er her framleis.

Stortingsvalet 13. september 2021 vert eit skjebneval for det nye fylkeskartet til Høgre og Frp. Det har noko å seie kva parti du stemmer på. Senterpartiet er opptekne av lokalt sjølvstyre, gode lokalsamfunn og tenester nær folk. Vårt mål er å bli ein del av eit nytt fleirtal på Stortinget, som vurderer fylkessamanslåingane på nytt. Så lenge eit fleirtal av folk i Sogn og Fjordane ynskjer å gjenopprette Sogn og Fjordane fylke, har vi tru på at det er mogleg å få til.