PANDEMISKE TANKAR

«Rådet til meg sjølv er at eg skal prøve å følgje råda frå dei som skal vite best»

Dette innlegget er skrive av Aage Kvendseth frå Davik i Bremanger.  Foto: Privat

Meninger

Dette innlegget er skrive av Aage Kvendseth frå Davik i Bremanger.

Det er som om verda har stoppa opp på ein måte. Livet står på ein måte stille. Den eine dagen lik den andre. Men i går skjedde det noko, eg hadde på meg lyseblått munnbind då eg gjekk inn i butikken. Det hadde ingen tekst framfor kjeften; det sto ikkje: Eg ser deg Erna! Eller FHI-lydig, eller: Eg er no dritlei denne pandemien.

Eg sprita hendene så det lukta heimebrent av meg. Sidan ingen av dei andre kundane eller dei tilsette brukte maske, mottok eg undrande blikk, eller kanskje beundrande, kven veit? Eg gjekk runden mellom hyllene, pusta snart klamt bak koronafilteret, brillene dogga og eg fann vegen ut via kassen, der eg mottok eit smil og ha det bra. Jaså, hadde eg det ikkje bra? Vel, det såg sikkert ikkje slik ut med den blå strikkbleien framfor trynet. Eg heldt på å le, men greidde så vidt å halde maska.

Eg sette meg i elbilen. Maskefall. Sa til meg sjølv at dette greidde eg jammen ganske bra. Debutant med maske i det offentlege rom. Koronafri enno så vidt eg veit. Eg som var på Schipol i slutten av februar 2020. Der såg eg med undring nokre kinesarar gå rundt med munnbind. Det gjer dei jo nesten alltid der borte i aust, tenkte eg og såg sikkert litt rart på dei. Men eg hadde jo høyrt om eit virus i Wuhan ein stad. Langt der inne i China. Langt frå eit lite, nesten folketomt, fleirkulturelt land oppe i nord.

Ja, ein gong var eg på sykkeltur på landsbygda der, midt i landet ein stad. Verda er jo så lita no. Då var det andre småkryp eg prøvde å unngå ved å vaske hendene. Hendene ja, det har eg lært, dei får vaska seg no! Skulle hatt aksjar i såpe- og sprit- eller helst vaksineindustrien i desse dagar, men det får halde med dei eg har i nærbutikken.

Snart sat eg i stolen heime framfor nok ein evigvarande koronaleksjon på tv, ja, innhaldet kjenner alle. Eg som med undring såg på utviklinga i Sverige, ser no med undring på det som skjer her på berget, i dalar og byar. Vi skulle jo, sidan vi har så stor tillit til styresmaktene våre, gå fri denne alvorlege, supersmittsame virussjukdommen. Men ei. Far min fekk forresten «spanskesjuka» i 1918. Han overlevde som de forstår. Skal eg få «koronasjuka»? Det er jammen ikkje godt å seie. Pandemiar er sjølv i vår tid ikkje til å spøke med.

Difor brukte eg maske på nærbutikken i går. Eg kan jo gå på tur, ut porten. Men kva om det vert portforbod?

Men eg vil halde fram å handle mat for det meste lokalt. Dess kortare eg reiser, dess meir kortreist mat. Vel, den held ikkje. Men det er viktig å unngå reiser no, om eg kan. Eg sit jo enno å ventar på ein bra sum frå SAS for ein tur eg for lengst skulle ha lagt ut bilete frå på FB. Men SAS har gløymt meg, trass i at selskapet er bøtlagt for dette. Det går med papirflyfart der for å gje att det eg skal ha.

Etter ein kopp kaffi og nokre litt dovne julekaker, god trøystemedisin det, snakka dei med klippekort på skjermen om at vaksinen no var i kjømda fordi EU hadde sett med miskunn på oss i EØS-land. Med uro ser eg at talet på koronadaude stig i verda og difor og i Noreg. Eg veit eg ikkje skal vere den første til å få nåla i overarmen. Men eg ser ikkje så lyst på kor lang tid det vil ta til alle dei eldre i landet vert vaksinerte. Og dei i andre land. Må eg ta feil. Lever eg, får eg vite det. Og så kom det tragiske kvikkleireraset opp i det heile. Grunnen er liksom ikkje trygg under nokon kvar no.

Ja, eg har lasta ned smitteappen. Den fortel at eg framleis er trygg, men det kjennest ikkje slik med alt fokuset på pandemien eg vert bombardert med i dette digitaliserte samfunnet der vi no helsar ved å la føtene eller albuane møtast, om no dei set pris på det. Rådet til meg sjølv er at eg skal prøve å følgje råda frå dei som skal vite best.

Helsingane mine går i alle fall frå tankar og hjarta til alle helse- og omsorgsarbeidarane som står midt i kjernen av motstandskampen. Kvar dag dei er på jobb, må dei takle utfordringane pandemien fyller kvardagen deira med.

Ja, tankane går og til alle som må stå på i yrka sine i denne krisesituasjonen og til oss alle – som følge av at vi menneske har øydelagt for mykje av naturen og dyrelivet rundt oss i verda og slik slept nye virus inn i liva våre.