«Vi må få store ting til å skje på kysten i Nordfjord»

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Jon Askeland, fylkesordførar for Vestland fylkeskommune:

Vi må få store ting til å skje på kysten i Nordfjord!

Endeleg kjem Stad skipstunnel! Gjennom den lange ventetida under dei mange utgreiingane, har vi faktisk fått god og konkret planlegging av tunnelen. Det fører til at Kystverket planlegg mogleg byggestart alt hausten 2021. Denne framdrifta må vi presse på for å sikre! Dette vil medføre at vi raskt opplever auka aktivitet i ytre Nordfjord, særleg i entreprenør- og byggebransjen. Vi har kort tid til å planleggje alt vi vil og kan få ut av skipstunnelen – både under og etter bygginga.

Fylkeskommune hadde 6. januar eit offensivt møte med Stad kommune. Tema var korleis dei mange aktørane i fellesskap kan gjere eigne tiltak, og korleis vi i fellesskap sikrar at vi får til maksimal utvikling på kysten i Nordfjord og på Sunnmøre. Dette var starten på neste kapittel – nemleg realiseringa av tunnelen og det å få mest mogleg gode effektar av han. I tillegg til å trygge ferdsla til sjøs, ynskjer eg sterkt at tunnelen bidreg til at stadig fleire vel å etablere seg i regionen!

Tunnelen vil sikre fiskeria og skipsfarten med tilhøyrande tilbod på land. Tunnelen bør opne for snøggbåtruter for fastbuande og turistar langs heile Vestlandet og Sunnmøre. Tunnelen vil verte eit turistmål i seg sjølv, og slik sett bidra positivt for reiselivet i heile regionen.

I sum vil tunnelen bidra til auka attraktivitet for Nordfjord og Sunnmøre, og her trur eg at måten vi sjølve i fylket omtalar ytre Nordfjord er grunnleggjande viktig for kor godt vi lukkast. Den auka attraktiviteten vi ynskjer å oppnå heng på at private aktørar – små og store verksemder innan reiselivet lukkast!

No brettar vi opp skjorteermene, og ser fram til tryggare liv for dei som ferdast til sjøs. Vi ser òg fram til at alle dei eksisterande og nye verksemdene og lokalsamfunna i ytre Nordfjord opplever suksesshistorier dei gler seg over og er stolte av – saman med både fylket og nasjonen!