«Vi ynskjer ikkje ein lokalpolitikk som sentraliserer vekk førande verdival til konsulentar fordi det er krevjande å vere lokalpolitikar»

Dette innlegget er skrevet som en uttale frå Bremanger Senterparti om ny strategisk plan for oppvekst.  Foto: Erling Wåge

Meninger

Dette innlegget er skrevet som en uttale frå Bremanger Senterparti om ny strategisk plan for oppvekst:

Bremanger kommune har nettopp vert igjennom ein utfordrande budsjettprosess der skulestrukturen i kommunen atter ein gong vart eit tema. Prosessen enda med at Ålfoten og Kalvåg skule får bestå som 1.-7. skular, men med større budsjettkutt. Framover skal kommunen få på plass ein oppdatert strategiplan for oppvekst. Med ein god strategiplan vil ein forhåpentlegvis unngå at skulestruktur kjem opp på ny som budsjettsak.

Ap-ordførar Ann-Kristin Førde kom i desember med uttalen om at den nye strategiske planen for oppvekstsektoren «bør utarbeidast eksternt», og politikarane så skal sjå på «kvalitet, tilgjenglege ressursar og eit desentralisert tilbod» utifrå planen (Firdaposten 31.desember 2020). Bremanger Senterparti er sterkt ueinige i at strategiplanen skal utarbeidast eksternt.

Barnetala i Bremanger kommune er, som i resten av landet, synkande. Dette gjer sjølvsagt utfordringar for skulane våre. Men alle som bur i Bremanger kommune veit også at vi ikkje er ein vanleg skulekommune. Geografi og infrastruktur definerer i stor grad kva skulestruktur vi kan ha om det samtidig skal bu flest mogleg barnefamiliar i bygdene våre. Strategiplanane som kommunen skal styrast etter har dermed ikkje berre innverknad på budsjettposten for oppvekst, men definerer også kva vi har som mål og verdiar som kommune. Om vi skal betale konsulentar dyrt for å avgjere strategiane vi skal styre etter, overlét vi også til konsulentar å avgjere kva retning og mål vi som samfunn skal ha.

Senterpartiet vil ha politikken nær folket. Vi meiner at samfunnet vårt blir best når det er bygd nedanfrå. Vi ynskjer ikkje ein lokalpolitikk som sentraliserer vekk førande verdival til konsulentar fordi det er krevjande å vere lokalpolitikar. Bremanger kommune må i hovudsak styrast og drivast i Bremanger av dei som eig den lokal kompetansen. Vi ynskjer å styrke det sjølvstendige og lokale folkestyret. Bremanger Senterparti meiner difor at det er sjølvsagt at ein god strategiplan for oppvekst skal lagast av dei som folket i kommunen har gitt tillit til å styre - dei folkevalde.