«Når Storbritannia no er ute av EU etter 47 år som fullt medlem, er det lov å håpe at vi i Noreg kan bli kvitt EØS-avtalen»

Dette leserinnlegget er skrive av leiar i Sogn og Fjordane NtEU, Ingunn Kandal.  Foto: Erling Wåge

Meninger

Dette leserinnlegget er skrive av leiar i Sogn og Fjordane NtEU, Ingunn Kandal:

Vil ha «norsk Brexit»

Storbritannia er ute av EU etter å ha vore medlem sidan 1973. Noreg blei aldri medlem i EU fordi den mektige ja-sida har respektert folket sitt nei ved folkeavstemminga i 1994.

Brexit er likevel interessant og inspirerer til diskusjon om vurdering av EØS-avtalen. AP-leiar Jonas Gahr Støre prøver å stoppe dette, ved å forsikre om at EØS-avtalen skal liggje til grunn for ei raudgrøn regjering etter stortingsvalet til hausten. På den andre sida står både Raudt, SP og SV som er mot EØS-avtalen.

Marit Arnstad frå SP meiner Brexit aktualiserer at Noreg ser på alternativ til EØS-avtalen. Ho er ikkje åleine om det. Då Fellesforbundet, det største LO-forbundet i privat sektor hadde landsmøte, var det nettopp ei utgreiing av EØS, inkludert alternativ, organisasjonen gjekk inn for.

Brexit viser at det går an å få til ein frihandelsavtale med EU og som gjev tilgang til marknaden i EU-landa. Brexit-avtalen sikrar også at britane slepp den automatiske innføringa av EU sitt lov- og regelverk som medlemskap inneber.

Når Storbritannia no er ute av EU etter 47 år som fullt medlem, er det lov å håpe at vi i Noreg kan bli kvitt EØS-avtalen.

Nei til EU vil studere avtalen nøye og reise krav om ei offentleg utgreiing om alternativ til EØS. Dette vil igjen leggje grunnlaget for ei oppseiing av EØS-avtalen. Då vil den tidlegare frihandelsavtalen vi hadde med EU ta til å gjelde, og vi vil kunne handle med EU-landa utan at EU kan påtvinge oss sine lover og reglar.