«Vær så snill og kutt ut dette pratet om at det ikkje er pedagogisk forsvarleg å ha skular i distriktet»

Dette lesarinnlegget er skrive av Eli Bolette Høydal Tyvold, montessoripedagog.  Foto: privat

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Eli Bolette Høydal Tyvold, montessoripedagog.

Det var ein gong da bondeknølar ikkje trong å lære engelsk

Etter at far min var ferdig med grunnskulen her i distriktet, ville han gå på realskulen ute på Florø. Det var ikkje så ofte det skjedde at ein bondeknøl ville gjere det. I tillegg til han var det berre to andre gutar som kom frå distriktet, elles berre byfolk som gjekk i klassa hans, mest gutar, men også fem jenter. Dei tre gutane frå landet vart av dei andre elevane kalla for kinnesarar.

Da dei tre gutane starta på skulen hausten 1941, fekk dei eit problem. Dei hadde ikkje hatt engelsk på skulen før. På denne tida var det nemleg forskjelll på læreplanen for grunnskulen i byen og på landet. Bondeknølar trengte ikkje å lære seg engelsk. Kva skulle dei med engelsk, dei som berre skulle grave i jorda. Det var først med normalplanen av 1939 at alle barn hadde felles læreplanmål om dei budde i byen eller på landet.

Dei tre gutane fann råd, dei betalte ein lærar der ute for litt ekstratimer i engelsk, slik at dei kunne ta igjen det tapte, og det fiksa dei greitt. Far fortalte att til jul skulle de tre kinnesarane ha den same prøva i engelsk som dei andre i klassa. Dette gjekk over all forventning og far min fekk karakteren T, som du i dag kan samanlikne med ein 3-4. Ikkje dårleg det å ta att to tapte år og litt til på noe kveldsundervisning i 4 månader. Etterpå tok denne bondeknølen av ein far eg hadde, mykje utdanning og han lærte seg både engelsk, tysk og fransk ganske så flytande.

Eit stadig gjentakande spørsmål – kan det vere pedagogisk forsvarleg da, å gå på skule i distriktet?

I dag spør politikarane om det er pedagogisk forsvarleg å late barna gå på skule i distriktet.

- Dei spør om dette enda dei må vite at læreplanen for barna i grunnskulen her i Noreg i dag er lik, anten du bur i byen eller på landet. Barna på landet har dei same læringsmåla som barn i byen. Meiner du som er politikar, at barna frå distriktskulane ikkje lærer det same eller klarar seg dårlegare enn barna i byskulen?

- Dei spør om dette enda dei må vite at det er dei same utdanningskrava til pedagogane i distriktet som til pedagogane i byen. Dei nye kompetansekrava har ført til at lærarane også i distriktsskulen har tatt vidareutdanning i kjernefag som matte, norsk og engelsk o.a. Meiner du som politikar, at pedagogane i distrikta er dårlegare enn dei i byen?

Politikarane syns også synd på desse stakkars ungane, som sidan dei ikkje er så mange, må gå i ei klasse der alle ikkje er like gamle. Det er forferdeleg seier dei, at barna må gå i aldersblanda klassar. Kva veit du som politikar om korleis aldersblanda klassar og grupper fungerer?

Aldersblanda klasser – kan det fungere da?

I ei aldersblanda klasse eller gruppe kjem individ med ulik erfaringsbakgrunn saman og hjelper kvarandre med oppgåver. Her blir eit lite minisamfunn skapt, ifølge den nye læreplanen for montessoriskulen, der barna får mange moglegheiter til å utvikle sin sosiale kompetanse og der barna har mange moglegheiter til å inneha ulike roller i gruppa.

Aldersblanding gjer også til at barn kan arbeide etter evne og interesse og på mange nivå samtidig. Miljøet blir dynamisk og norma blir samarbeid, i staden for konkurranse. Det blir skapt venskap på tvers av alder og barna inspirerer og oppmuntrar kvarandre til innsats og utforsking. Yngre barn i klassa, ser «kor dei skal», dei eldre barna ser «kor dei har vore» – og dei kan vere rollemodellar og rettleiarar for dei yngre. Barna får også møte fagområde i fleire rundar og på fleire nivå.

Aldersblanding i eit rikt læringsmiljø gir barna rom og tid til å fylgje sin eigen progresjon og arbeide i sitt eige tempo. Barna vert ikkje hindra i sin utvikling, men kan bruke kortare eller lengre tid på ulike typar arbeid alt etter egne evner og føresetnader. Dette er viktig for deira mestringskjensle og motivasjon.

I eit aldersblanda miljø vil det også vere stort rom for arbeid etter den nye læreplanen og fagfornyinga, der det å arbeide meir i djupna er det som skal til .

Klassa er for lita seier du ? Som politikar seier du at klassa er for lita til at det er pedagogisk forsvarleg, men er den det ? Er ikkje klassar på frå 10-20 elevar pedagogisk forsvarleg, eller er det dette med aldersblandinga som er problemet?

Legg ned distriktskulane seier du!

Som politikar vil du nå legge ned skulane i distriktet. Vi som bur i distrikta har forstått at du som politikar vil legge ned skulane med det formålet å spare pengar. Vær da så snill og kutt ut dette pratet om at det ikkje er pedagogisk forsvarleg å ha skular i distriktet. Det handlar faktisk ikkje om anna enn innsparing og atter innsparing, for å få råd til andre og ekstravagante prosjekt.

Til slutt vil eg få seie at i dag lærar bondeknølar også engelsk på skulen og gløym ikkje at dette gjerne er dei bondeknølane som skal produsere maten din i framtida. Vi treng faktisk folk som i tillegg til å lære engelsk også er ført for praktisk og sjølvstendig arbeid. Det har dei lært både i heimen og i distriktsskulen – og så ein ting til.:I dag er vi alle kinnesarar !