«Eg er skuffa over kommunedirektøren og partia i posisjon for behandlinga familiar i distrikta no vert utsett for»

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Torgunn Eikevik, Kinn Senterparti og mor til fire.

Skuffa over kommunedirektør og posisjonen!

Eg er ein del av det politiske miljøet der eg ser tydeleg behandlinga familiane i distrikta no vert utsett for, ei behandling som er uverdig og beklagelig. Eg er forferdeleg skuffa!

Prosessen rundt nedlegginga av Steinhovden og Stavang skule har gjort meg meir eller mindre oppgitt. Så oppgitt at eg har mista trua på gode saksutgreiingar og forståing for innbyggarane sine situasjonar. Det var ikkje slik eg hadde sett for meg at det skulle ende. At innbyggarane i distrikta vert så lite verdsatt. Å kjenne seg som ei byrde for ein kommune er ikkje ei god kjensle. Det er lita politisk interesse for å gjere noko med både nett og veg i Standal, og no legg de ned ein nærskule som fører til at barna i området får lang reiseveg til skulen i tillegg. No vert dette også gjeldane for heile området i østre del av gamle Florø kommune. Det siste vi har att er Steinhovden og Stavang skule og barnehage, og det ser ut som om de no tar ifrå oss dei også.

Kva vil de med oss i østre del av gamle Florø kommune? Vil de skyve oss til sides og gløyme oss? Kva har Florø og no Kinn kommune tilført bygdene i desse områda? Vi veit alle at mykje næring ligg i distrikta. Vi har valt å bu her, men av grunnar som er ganske opplagte. Mange driv nettopp næringar i distrikta. Næringar som set djup i oss i form av ei ansvarskjensle av å ville drive vidare m.a. gardsbruk som ein kan spore langt tilbake i slektene våre. I mange tilfelle er det gardsbruk med gammal historie som vi har valt å vidareføre. Skal vi straffast for at vi valte denne vegen?

For oss er det heller ikkje berre å flytte til sentrum. Ein kan ikkje berre utan vidare forlate heimplassen der ein har gjort store investeringar for å klare å møte alle krav som ligg inne for å drive gardsbruk i notid. Stavøy og Stavang har ikkje ferjelem, så vi kan ikkje ta med oss bilen på båten. Tenkjer de at vi skal begynne å pendle rundt å køyre i to timar for å rekke å levere og hente ungar i barnehage og på SFO før vi går til jobb? Eller tenkjer dokke at vi skal ta første båten for då å komme 1.5 time for tidlig på jobb kvar dag? Kva tenkte de, og du kommunedirektør Terje Heggheim, når du kom med forslaget? At dette ville vere som med Askrova der dei har ferjelem? Eller tenkte du at familiane har råd til å kjøpe/leige leilegheit i Florø? Mange i bygdene her har bygd seg nye hus dei har lån på, og då skal det noko til å klare å kjøpe/leige seg leilegheit i tillegg. Eller tenkjer de at vi skal gå i reduserte stillingar?

Det er så mykje enklare å ta utgangspunkt i rapportar som viser enkle tal på innsparingar som kan gå til store prosjekt i sentrum, i staden for å konsekvensutgreie å ta konsekvensane innover seg, og legge til rette for ei god saksbehandling. Tal i rapporter på innsparingar som foreldre rundt utkantskulane ved fleire høve har tilbakevist for dykk. Har de gjort ei grundig økonomisk utrekning på innsparingane? Vegen til Eikefjord frå Stavøy tar 2 timar og 10 min kvar dag med skulerute . Denne vegen er lang, dårleg og uaktuell for familiane å sende barna ut på.

I budsjettmøtet 17. desember 2020 uttalte du, kommunedirektør Heggheim, at du ville slite dersom det ikkje blei fatta eit vedtak rundt utkantskulane før resten av skulane som er ein del av skulebruksplanen. At ein ikkje kunne følge den same tidsramma fordi ein hadde tatt ut effektane på finansieringsida. Du meinte at det var for seint å komme med ein klargjering i revidert budsjett om skulane skulle vere oppe eller ikkje. Det seinaste tidspunktet du anbefalte å fatte eit vedtak var februar. Om ikkje måtte ein finne nye friske midlar, og det har ein ikkje i dette budsjettet. For dei friske midlane som kunne komme skal vi bruke til å blant anna betjene kapitalkostnadar framover.

Tenk at dette var den einaste kommentaren du hadde til posisjonen sitt budsjett. Ein kommentar der du anbefalte politikarane å behandle distrikta ulikt enn elles i kommunen, der du lettare kunne vere rakrygga mot folk i sentrum når du endeleg hadde fått lagt ned utkantskulane. Er det slik du ser på innbyggarane i bygdene her aust? Ei byrde for deg og kommunen? Nokon som du enkelt kan skyve til side og gløyme? Gjere ei verkelegheitsflukt der vi ikkje eksisterer? Skuffande! Etter kommunelova § 13-1 skal kommunedirektøren påse at saker som legges fram for folkevalgte organer, er forsvarlig utredet. Utredningen skal gi et faktisk og rettslig grunnlag for å treffe vedtak.

At det vert for seint i revidert budsjett å avgjere lagnaden til utkantskulane kan eg vere eining i. Men, den prosessen som du no har forhasta fram utan konsekvensutgreining, med tre veker høyringsfrist er dårleg og respektlaus behandling av innbyggarane i bygdene rundt skulane! Eg har så inderleg misforstått stillinga di, kommunedirektør. Eg trudde du skulle råde oss, ikkje bruke ord som "skal". Slik eg ser det, så er det ikkje politikarane som bestemmer i Kinn kommune, her er det du, kommunedirektør, som bestemmer. Du legg fram forslag der posisjonen nikkar og du får det som du vil.

Eg forundrar meg over utvalsleiar Gil sin kommentar til avisa der han er ueinig i at saka er for dårleg utgreidd fordi vi har Norconsultrapporten. Kva innsikt har du frå Vågsøy i denne saka? Forstår du at det er forskjell på talmaterialet du får servert i ein rapport og realitetane for familiane rundt desse skulane? Gil uttaler også at høyringsfristen var i kortaste laget, men at ein hadde hatt dette oppe lenge før jul. Er 17. desember lenge før jul? Det var den dagen innbyggarane fekk opplyst at utvalsleiar Gil la inn forslag i budsjettet til posisjonen om å gjere vedtak på skulane i ekspressfart. Skulle tru at ein utvalsleiar i oppvekst og kultur ville verdsette og kjenne seg ansvarleg for lengre høyringsrundar med gode prosessar der ein tok utgangspunkt i å lytte til familiane som blir ramma av nedlegginga. Nesten så ein skulle tru at det var avtalt spel.

På slutten av kommunestyremøtet i desember nemner du, kommunedirektør, noko om å stå rakrygga når du skal ut og snakke med Raudeberg, Torvmyrane og Krokane om deira struktur. Hugs at innbyggarane som har barna sine ved desse skulane, har nok også forstått at innsparingane på skule ikkje går til eldreomsorg. Det skal betalast store summer i form av renter og avdrag på store flotte prosjekt (rådhus, fotballhall og måløybad) i lang tid framover. Dette skal takast frå driftsbudsjettet. Innsparingane på utkantskulane er ein dråpe i havet mtp. innsparingane det er lagt opp til.

Då må dei større skulane bidra med resten. Det er dette du skal stå rakrygga i kommunedirektør, du og politikarane. Det er desse konsekvensane av kommunale pampefakter du og posisjonen skal klare dykk gjennom. Du og ordføraren får legge fram for familiane i austre del av gamle Florø kommune ei grundig forklaring på kvifor de sender våre små barn ut på uakseptable skulevegar, når politikarane får auka løn til seg sjølv nesten tilsvarande oppretthalding av ein av skulane. Og at du, kommunedirektør, får auka administrasjonen sine kostnadar tilsvarande dvs. godt over det oppretthalding av desse to skulane kostar til saman.

Forklar dei rett ut at dette er slik ein styrer Kinn kommune. Først er det viktigast med dykk sjølve, barna i distrikta til sist. Og når Raudeberg, Krokane og Torvmyrane skal vurderast vert nok barn i sentrum av Kinn kommune også lidande. Korleis kan de stå rakrygga gjennom slike prioriteringar? Ser fram til folkemøtet de har lova oss.