«Vi vil at kommunane får meir makt i arealsaker. Dei har lokalkunnskapen og kompetansen som skal til for å vege ulike interesser opp mot kvarandre»

Dette lesarinnlegget er skrive av Noralv Distad (H), medlem av Vestland fylkesting.  Foto: Privat

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Noralv Distad (H), medlem av Vestland fylkesting.

Ny vekst i Vestland 2021

Vestland Høgre har store ambisjonar for 2021. I ei svært krevjande tid må me sjå framover, mot lyspunkt og mulegheiter.

Me skal få bukt med pandemi og arbeidsløyse, me skal igjen auka eksporten og skapa ny vekst med fleire arbeidsplassar.


Foreldre og skuleleiing vil ha turløypa fullført: – Vi håpar fylket kan vurdere denne saka på nytt, området er viktig for barna våre

Fire samla FAU-lag ved skulane Skram, Skavøypoll, Raudeberg og Vågsøy ungdomsskole, samt rektorane ved dei same skulane, understrekar no kor viktig utvidinga av turløypa på Dalsneset i Deknepollen er for dei og deira barn og elevar. No har dei skrive brev til Fylkesmannen, kommunen og andre.


Vestland er ein region å leva for, ein region å vera glad i. Då må me og ha noko å leva av. Difor er hovudsatsinga til Høgre å skapa meir og inkludera fleire. Framgang i alle delar av fylket er kun mogleg om me både i byar og distrikt har eit næringsliv i framgang.

Høgre har fokus på positive verkemiddel, med opplæringstilbod, kompetansemiljø og infrastruktur for framtida.


Settefylkesmannen seier nei til turløypeutvidinga

Eldsjelene i Deknepollen fekk nei igjen. Fylkesmannen i Rogaland, som er settefylkesmann i denne saka, gjer om kommunen sitt vedtak om å gi dispensasjon frå LNF-føremålet og samtykke til å bygge turveg. Han avslår dermed søknaden og gir klagar, Fylkesmannen i Vestland, medhald.


I 2020 vart eksporten frå Vestland redusert med over 12 prosent. I 2021 og dei komande åra må me leggja til rette for ny vekst i eksportbedriftene. To tredjedelar av eksporten er til EU og England. Høgre er ein garantist for EØS-avtalen som sikrar marknadstilgang og vekstkraft.

Framtida set store krav til omstilling og innovasjon. Dette er ikkje mogleg utan at me har eit lønsamt næringsliv i botn. Tida er ikkje inne for å skatta meir, men for å skapa meir og få fleire til å satsa. Lønsemd og investeringsevne i næringslivet er heilt nødvendig for det grøne skiftet.


Turløype-nei var ikkje uventa

– Men det er ikkje ei avgjerd som inspirerer til meir frivillig arbeid

Initiativtakar Jørgen Blålid for turvegen i Deknepollen er skuffa, men ikkje overraska, over settefylkesmannen si avgjerd om å seie nei til turløypeutvidinga.


Vestland har store fortrinn; i natur, kraft, kompetanse, bedrifter og tiltakssame innbyggjarar. Høgre vil ta fortrinna i bruk. Me vil halda fram med å elektrifisera transport og industri. Me ønskjer gjestene tilbake til overnatting og opplevingar. Me vil ha berekraftig matproduksjon på land og i sjø. Me vil leggja til rette for vekst i marine og maritime næringar. Olje- og gassnæringa må ha rammevilkår som sikrar både verdiskaping og omstilling.

Høgre vil at kommunane får meir makt i arealsaker. Dei har den lokalkunnskapen og kompetansen som skal til for å vega ulike interesser opp mot kvarandre og ta gode avgjerder.

Vestland Høgre går inn i 2021 med optimisme, positivt fokus og ikkje minst stor tru på innbyggjarane og bedriftene sin vilje og evne til å løfta oss gjennom krisa, til ny framgang.