«Det finst gode alternativ til EØS-avtalen, seier Sp, men dei har ingen truverdige svar på korleis eit lite land som vårt skal sikre seg marknadsadgang om vi seier opp avtalen»

Dette lesarinnlegget er skrive av Ap-politikarane Hilmar Høl, Anne Gine Hestetun (bildet) og Eigil Knutsen.  Foto: Privat

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Ap-politikarane Hilmar Høl, Anne Gine Hestetun og Eigil Knutsen.

EØS-avtalen er viktig for næringslivet i Vestland og Noreg

Sidan EØS-avtalen tredde i kraft 1. januar 1994, har Noreg vore prega av auka verdiskaping, kjøpekraft og sysselsetting. Avtalen er ei viktig årsak, fordi norsk næringsliv har nytt godt av same forutsigbare marknadtilgang og standardiseringsreglement som EU sine eigne medlemsland.

EØS-avtalen har trygga økonomien vår og tent oss vel i 25 år. Dei av oss som forsvarer avtalen må likevel ikkje gå i fella med å ikkje innsjå utfordringane den fører med seg. Arbeidsinnvandringa, enn så avhengige vi er av den, har skapt press på løns- og arbeidsvilkår i fleire bransjar, som bygg og anlegg. Difor er det så viktig at Storting og regjering tek politiske grep for å motverke ulempene.

Fleirtalet på Stortinget vedtok før KrF inngjekk giftemål med Høgre i 2018, å stramme inn på bruken av innleigd arbeidskraft. Denne tilsettingsforma har breidd om seg og fortrengt faste stillingar i fleire bransjar. Stortinget si innstramming i starten av denne perioden er eit prakteksempel på korleis vi kan hindre at EØS-avtalen gjev eit mindre rettferdig arbeidsliv.

Med eit nytt fleirtal på Stortinget til hausten vil Arbeidarpartiet bruke handlingsrommet vårt betre, der mykje meir kan gjerast for å sikra ordna forhold på arbeidsplassane og bekjempa sosial dumping og press på løns- og arbeidsvilkår i sektorar med mykje utanlandsk arbeidskraft.

Svaret vårt er ei styrka arbeidsmiljølov, mindre innleigd arbeidskraft og eit styrka Arbeidstilsyn. Etter åtte år med Høgre-styre er det mykje å ta fatt i innan arbeidslivspolitikken. Høgre, og ikkje EØS-avtalen, burde vore Senterpartiets hovudmotstandar i arbeidslivspolitikken.

«Det finns gode alternativ til EØS-avtalen», seier Erling Sande og Senterpartiet til Firdaposten 4. januar, men har ingen truverdige svar på korleis eit lite land som Noreg skal sikre seg marknadsadgang om vi seier opp EØS-avtalen.

Skal ein «reforhandle» EØS-avtalen, må ein fyrst seie opp dagens avtale. Sveits brukte nærare ti år på å få løysninga dei har no. I Storbritannia har det vore nærare fem år med kaosforhandlingar. Skaden på den britiske økonomien kvart år framover er lik ein koronapandemi sin skade på arbeidsplassar og bedrifter, berre at skaden kjem kvart år. Dette vil ikkje Sp snakke om.

Dette kan ikkie Noreg og norsk næringsliv risikera. Noreg vil ha ein langt svakare posisjon enn under EØS-forhandlingane. Da forhandla seks EFTA-land mot 12 EU-land. No vil det være snakk om Noreg, Island og Liechtenstein mot eit EU på 27 land. Det er også sjølvsagt at Noreg sin forhandlingsposisjon er ein heilt annan enn Storbritannia – eit av Europas mest folkerike land.

EØS er viktig for arbeidsplassane på Vestlandet, til dømes i sjømatnæringa. EU utgjer 80 prosent av eksportmarknaden for fersk sjømat. Toll er eit område der EØS-avtalen har vore svært viktig. Før EØS var det 12 prosent toll på torsk og 7,5 prosent på sei og hyse. Avtalen gjev tollfri tilgang for fersk og fryst torsk, sei, hyse, kveite og blåkveite, noko som i stor grad har komme fiskerinæringa til gode.

I fylket vårt er den landbaserte industrien blant «motorane» i mange lokalsamfunn, som Odda, Husnes, Ålvik, Høyanger, Årdal og Svelgen. Fleire år med kaotiske forhandlingar og uvisse er det siste industrien på Vestlandet treng no. Arbeidarpartiet vil heller sikre stabile rammevilkår og satse på industrien gjennom tilgang til rein kraft og støtte til nye investeringar.

Difor skal vi komme med ein garanti: Med ei Ap-leia regjering vil marknadtilgangen industrien og sjømatnæringa har gjennom EØS-avtalen ligg fast.