«Det ikoniske landskapet på Stad skal ofrast for elbilar og ein feilslått C02-politikk, og desse politikarane gjer alt verre ved å snu ryggen til»

Dette innlegget er skrive av Han Christian Hansen, leiar i Stad Landskap.  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Meninger

Dette innlegget er skrive av Han Christian Hansen, leiar i Stad Landskap.

I Bergens Tidende laurdag 09.01 har Sveinung Rotevatn, Klima- og miiljøvernminister frå Venstre og Alfred Bjørlo, ordførar i Stad kommune og same parti eit innlegg med overskrift «Det er ingen grunn til at klimapolitikk skal vere upopulært». Det dei skriv vidare er kor godt dei tykkjer Venstre har gjort det i klimapolitikken det siste året. Noko eg personleg ikkje støttar. For hadde dei det gjort, hadde dei tatt seg ein tur til Stadlandet og sett kva som er i gjæring der.

Det ikoniske landskapet på Stad skal ofrast for elbilar og ein feilslått C02-politikk, og desse politikarane gjer alt verre ved å snu ryggen til. Særleg trist er det å sjå korleis våre fremste folkevalde handsamar situasjonen. Bjørlo som er ordførar i Stad kommune viser lite eller ingen interesse for Stadlandet med mindre han kan stå fremst framfor bedrifter som viser initiativ og framgang.

Det vi treng er staute talspersonar som ikkje viker når rikspolitikken ser i vår retning. Vi treng leiarar som ser det vi ser, og vi treng leiarar som ikkje er feige. Vi treng nokon som kan utfordre det vi tidlegare kalla Fylkesmannen – no Statsforvaltaren i Vestland, Lars Sponheim, til å gripe inn og stoppe alt som er feil med dagens klimapolitikk.

Det må bli slutt på at politikarar sit som høner på ein vaggel og er redde for å falle ned. Vi må få ordentlege folk som verken er redde eller som blir omtala som psykopat. Vi treng stødige skipperar på Nordfjord-skuta, folk som veit at dei er dei siste som går frå borde om skuta går ned, vi treng tøffe folk for no er det krise i naturforvaltninga vår.

Sveinung Rotevatn og Alfred Bjørlo er ikkje slike personar, ei heller mannen som støtta alt dette som no skjer i Bremanger og på Stadlandet, Erling Sande i Senterpartiet. Klimapolitikk er for oss som bur i Nordfjord synonymt med auka kostnader og øydelagde turområde. Det er det desse går inn for, som vi ikkje treng.

Klimapolitikk vert meir og meir upopulært fordi det øydelegg våre nærområde og legg til rette for at livet slik vi kjenner det i Utkant-Noreg vert forringa med auka kostnader på straum, fordi vi må betale for utbygging av kraftliner som skal berge verda.