«Akkurat no lurar eg på kvifor eg flytta hit i det heile. Eg kjenner meg ikkje så velkommen til Kinn»

Dette lesarinnlegget er skrive av Elisabeth Halsne frå Stavøy.  Foto: privat

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Elisabeth Halsne frå Stavøy.

Der det er vilje, der er det veg, straum, breiband og skule

I 2010 vart eg ferdig utdanna odontolog. Med bobler i glaset og ei ubeskriveleg lukkerus dansa me oss ut av odontologen, og satte nasen mot Florø. Åtvaringane frå ulike pasientar om å ikkje flytte opp dit var blitt flira vekk. Så vanskeleg kunne det vel ikkje vere å bli kjend med folk der oppe? Det var heller ikkje det. Eg vart kjend med mange kjekke og trivelege personar. «Hei , eg heiter Elisabeth og du skal vere min venn» haldninga fungerte her oppe.

Vinteren kom til kystbyen og dagane vart lange. Med vårsola dukka ein blind-date opp. Ein triveleg kar. Med store tenner. Passer ein tannlege midt i blinken. «Eg har noko å fortelje deg» sa han under første møte. Ånei, tenkte eg. Noko drama orkar eg ikkje å bli blanda inn i.

«Eg har gard» sa han. Eg drog eit lettelses sukk. Gard var no ingenting. Eg har vakse opp på ein slik, og veit godt kva det inneber. «Så lenge eg slepp vere bonde», svara eg. Ballen trillar fort i slutten av tjueåra, og snart var både barn, giftering og eit flunkande nytt hus på Stavøy eit faktum.

Du må ikkje flytte til Stavøy, sa dei. Det der har eg høyre før, tenkte eg. Det er så langt til alt, sa dei. 7 km til butikk, skule og barnehage? svara eg. Men du får så lang pendlarveg, sa dei. 20 minutt i båt? sa eg. Det er jo kortare enn frå Finnøy til Stavanger. Kva er problemet, svara eg?

Problemet er mangel på ein vilje. Ein mangel på kommunal vilje at der skal bu folk her.

No har eg budd på Stavøy i snart seks år, og kjenner på mange problem som eg ikkje forstår kvifor skal vere eit problem. At det skal vere ein slik kamp å få dekka basale behov. Mangel på eit stabilt straumnett til dømes. Eller stabilt breiband som fiber. Fiber som gir TV signal like klårt om det regner eller snør ute. Dei kampane skal eg la ligge no, og heller ta føre meg skulen og barnehagen vår som kommunedirektøren så ivrig vil legge ned.

Vi er heldig som har Stavang skule og barnehage. Ein god og trygg stad å vere for borna, og eit godt læremiljø. Akkurat slik ein barnehage og ein skule skal vere. Kinn kommune skal vere stolt over denne. I år er det lite born i barnehagen, og grunnlaget for å drive skulen i framtida er fallande. Spørsmålet om nedlegging kjem ikkje som lyn frå klar himmel, i alle fall ikkje når ein tar i betraktning at spørsmålet har vorte stilt dei siste 30 åra.

Før budsjettmøtet i desember ba vi som er foreldre dei folkevalde i kommunen om at skulen og barnehagen fekk tildelt pengar eit skuleår til. Vi ynskjer å vere ein del av den nye skulebruksplanen for Kinn. Vi er ein del av det store biletet av Kinn. Vi kan ikkje leggast lokk over og tru at vi ikkje eksisterer. Vi ynskjer at prosessen med å legge ned skulen vert god, at ein finn gode løysingar på dei utfordringar som kjem ved å legge ein barnehage og ein skule ned. Størst av alt ynskjer vi elevane i Stavang får ein god overgang til ny skule, men tid til å tilpasse seg nytt miljø og ny reiseveg.

Svaret frå Kinn kommune vart altså ekstramøte i oppvekst og kultur utvalet snarast råd etter budsjettmøtet. Einaste sak var vedtaket om nedlegging av grendeskulane. Saka vert sendt ut på høyring med 3 veker frist.

Kommunedirektør Heggheim har dårleg tid!

Vedtaket om nedlegging skal opp i kommunestyret medio februar, eit godt stykke ut i andre halvdel av skuleåret. Borna skal altså få nokon få veker på å omstille seg til ny skuleveg og nytt skulemiljø, og familiane ein ny kvardag.

Tenk viss verden hadde vore så enkel som kommunedirektøren vil ha det til. Bare bytt skule, ferdig med det. Bare få ungen inn i anna barnehage. Skulle trudd alt låg eit steinkast unna.

Geografi er relativt konstant. Avstandar endrar seg ikkje så mykje på eit år. Det er fortsett like langt til både Eikefjord og Florø. Som dei siste 30 åra.

Ulike grender er tilknytt skulen og barnehagen i Stavang.

Standal og Svortevik, som ligg i ytre del, ved kommunegrensa. Stavang i midten, og Stavøy ut i sjøen. I Stongasundet går brua frå Stavøy og til fastlandet. I andre enden av øya, i Veiesund, går båten i rute sør til og frå Florø.

Eg har møtt mange som ikkje veit kvar Stavøy ligg. Eg har møtt mange som ikkje har høyrt om Stavøy i det heile.

Eg hugsar godt første gang eg møtte ein pasient frå Standal. Og som nyfiken tilflyttar den gong lurte eg på kvar dette låg. Og tenkte i mitt stille sinn då eg høyrte svaret : Det bur pigade folk overalt i denne kommunen.

Og det er kanskje det som er kommunedirektør Heggheim sin fortviling i desse sentraliseringstider. Det bur pigade folk over alt i denne kommunen.

Eg håpar dei folkevalde i kommunestyret i Kinn veit kvar Stavøy ligg. Eg håpar dei ser avstanden der er mellom grendene og korleis dei ligg i forhold til resten av kommunen. Eg håpar dei set seg inn i saka før dei gjer seg opp ei meining.

Konsekvensane av ei nedlegging er inngripande i familiane.

Tenk deg at du har tre born i alderen 1 til 7 år. Så får du vite at barnehagen og skulen vert lagt ned. Du må enten køyre 100 km til dagen for å få levert og henta i barnehage og SFO, og kome deg på jobb, eller reise kollektivt til barnehage og SFO og jobb, noko du allereie gjer, men sidan du har levert ungane før du reiser så får du full dag på jobb. Når du no må ta borna med deg på båten må du bruke arbeidstida di til å levere og hente som i praksis betyr du må ned i stillingsprosent.

Hadde ikkje det gjort deg pittelitt irritert? Det har i alle fall tatt nattesøvnen min. Og saka skal utgreiast i 3 veker før dei som bestem gjer vedtak på noko som vil gripe inn i din familie, din kvardag, livskvalitet, årsinntekt og pensjon.

Akkurat no så lurar eg på kvifor eg flytta hit i det heile. Eg kjenner meg ikkje så velkommen til Kinn. Pasientane mine på odontologen hadde kanskje rett. Du må ikkje flytte opp dit.