«Det er på tide at politikarane kjem seg ned på jorda - Få ned politikarlønningane!»

Geir Oldeide.  Foto: Gjert Myrestrand

Meninger


Få ned politikarlønningane!»

Dette innlegget er skrive av: Geir Oldeide, 1. kandidat, og Rita Tonning, 2. kandidat for Raudt Sogn og Fjordane.

Norske politikarar er i lønsadelen. Det vert bekrefta i rapporten frå utvalet som har analysert prinsippa for politikarløn: Stortingspolitikarane tener meir enn 95 prosent av innbyggarane i Noreg. Erna Solberg og resten av regjeringa er oppe blant dei 1 prosent høgast lønte.

Det er på tide at politikarane kjem seg ned på jorda. Dei siste ti åra har stigninga for stortingsrepresentantar vore det dobbelte av gjennomsnittet for alle lønnsmottakarar. Rundt 30.000 mot 15.000 kroner i året. Dersom dette fortset får alle stortingsrepresentantane millionløn med neste justering.

Utvalet hevdar at det er vanskeleg å komme fram til enkle prinsipp for politikarløn, men spør du meg er det enkelt: Få politikarlønningane ned. Sørg deretter for at politikarlønningane ikkje veks meir enn inntektene til vanlige folk. Nasjonalt kan det gjerast gjennom å fjølge grunnbeløpet i Folketrygda, slik pensjon, uføretrygd og andre offentlige ytingar gjer. Lokalt kan det gjerast ved å knyte politikarlønningane med inntekta til dei som jobbar eller bur i kommunen.

Stortinget har ein lønnskommisjon, som består av ein sorenskrivar, ein professor og ein daglig leiar. Denne kommisjonen står bak forslaga om lønnsreguleringane for storting og regjering, og er eit fikenblad Stortinget gøymer seg bak, som hindrar open debatt når representantane bestemmer si eiga løn. Raudt vil ikkje ha noko lønnskommisjon, som attpåtil kjem frå samfunnets øvre lag og driv godtgjersla oppover. Debatten om politikarløner må heller knytast til kva som er rettferdig målt mot vanlege arbeidsfolk som til dømes hjelpepleiarar, reinhaldarar eller bartenderar.

Mange kommunestyre og fylkesting har vedteke at politikarane lokalt skal få en viss prosent av godtgjersla til stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemmer. Dette er i praksis ein lønsheis, som gjer at når Stortinget aukar politikarløna, så går ei rekke lokalpolitikarar automatisk opp. 100 ordførarar tener allereie meir enn stortingsrepresentantane – opp mot 1,4 millionar kroner. Dette har gått for langt. Politikarlønningane må ned.

Mange folk som har lite frå før – som låglønte, folk utan arbeid og pensjonistar – opplever innstramming og kutt i pensjonar og ytingar. Men når det kjem til seg sjølve er politikarane uvillige til å bruke sparekniven. Sjølv om godtgjerslesutvalet bekreftar at politikarane tilhøyrer lønsadelen, kjem dei ikkje med eit einaste tiltak som vil endre på dette.

Raudt er det einaste partiet som har foreslått og stemt for lønskutt for stortings- og regjeringsmedlemmer. Heldigvis kan velarane til hausten stemme fram kandidatar som er villige til å gjere noko med problemet. Vi må få ned skilnadane i samfunnet. Då kan ikkje dei folkevalde rykke frå folk dei er valde av.