«Har ikkje den såkalla posisjonen lært noko av feila som vart gjort i Vågsøy?»

  Foto: Svanhild Breidalen

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Nils Myklebust, leiar Kinn Senterparti:

Har ikkje den såkalla posisjonen, Ap, Venstre og Høgre lært noko av feila som vart gjort i Vågsøy?

Senterpartiet har alltid vore utkantane sine forkjemparar, og det er vi også i saka om Steinhovden og Stavang skule.

Når vi les lesarinnlegget til Elisabeth Halsene, så burde dette gitt ettertanke hos nokon og ein kvar. Ho beskriv her ein familie med små barn sin kvardag på ein svært god og forståeleg måte.



Dette innlegget kunne blitt skrive av nokon frå Holvik og Bryggja, då dei same partia vedtok nedlegging av skulane.

Etter at vi fekk den nye skulebruksplanen i Vågsøy i 2014, så skapte det tryggleik for desse to skulane dei neste ti åra, trudde vi.

I valkampen i 2015 lova Arbeidarpartiet både oss i Senterpartiet og innbyggarane at skulebruksplanen frå 2014 skulle gjelde. Hadde dei ikkje det, så hadde ikkje Kristin Maurstad blitt ordførar. Ikkje minst burde leiar av oppvekstutvalet vite kor opprivande dette er. Å føle seg både lurt og overkøyrd. I saka om Holvik skule vart han lurt av sine eigne i Arbeidarpartiet

Men den gang ei. Alt i 2016 så starta Arbeidarpartiet med å så tvil, for så i 2017 å gå saman med Høgre og Venstre for å lage ein ny skulebruksplan, som dei tvinga gjennom utan å ta omsyn til både åtvaringane og innspela som kom. Det var dette som skulle berge kommuneøkonomien og folketalet må vite.

Dette vart i staden ei økonomisk katastrofe. Holvik skule som vart omgjort til barnehage med ein sum som ikkje skulle vere meir enn 500.000 kroner. Etter kostnadar på mange millionar sit ein framleis at med ein barnehage som ikkje er godkjent av arbeidstilsynet.

Bryggja starta ein prosess for å få skulen sin godkjent som kristen friskule (ikkje Montessori) og søkte om godkjenning, noko dei fekk. Dette førte til at folket reiste seg og ikkje ville vere med i Kinn og gjekk over til Stad kommune, noko dei også fekk til. Vågsøy, som no er Kinn, sit att med tap av 540 innbyggarar og eit økonomisk tap av dimensjonar.

No startar dei same partia med Arbeidarpartiet i spissen i Kinn med hastverksarbeid og regelrett kunnskapsløyse om kva ringverknadar ei skulenedlegging har. Historia gjentek seg.

I dag takkar folket på Bryggja Morten Hagen, Kristin Maurstad og Edvard Iversen. Det er desse politikarane Bryggja kan takke for at dei fekk behalde skulen som ein frittståande skule underlagt undervisningsdirektoratet med si eiga finansiering.

Bryggja har no greidd å snu den negative folketrenden og til hausten aukar talet på elevar ved Bryggja skule. Kvifor?

Fordi dei no har fått tryggleik for at skulen skal bestå og yngre familiar har flytta til.

Det same var tendensen i Holvik etter 2014-vedtaket. Her flytta det heim familiar med små barn. Dei også føler seg lurt. Den største investeringa ein familie gjer, er å bygge seg ein bustad. Då er det ikkje berre enkelt å flytte frå staden når investeringa allereie er gjort og bustaden alt står der.

Dersom disse tre partia trur i si villfaring at det vert auke i folketalet på denne måten, så trur dei feil.

I Florø-området er avstandane store og reisetida vil bli lang.

I eit godt buområde treng du eigentleg tre ting. Skule, barnehage og ein butikk. Har du det, så vil folk slå seg til der og du vil ha mogelegheit for at folketalet går opp. I bygdene så er skulen eit samlingspunkt for innbyggarane og det er viktig for eit lite samfunn. Kinn kommunen består av mange slike små samfunn.

Vi vil derfor utfordre både kommunedirektøren, ordførar, Høgre og Venstre om å tenkje seg grundig om før dei går vidare med saka. Grei ut saka på ein skikkeleg måte i det minste, av respekt for innbyggarane. Departementet anbefaler ei minstetid på to månaders høyring på ein skulebruksplan.

Bruk Fjellvettregel nummer 8. Vend i tide, det er inga skam å snu.