«Om økonomi og kyrkjene i Kinn»

  Foto: Erling Wåge

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Johan Sigdestad

Om økonomi og kyrkjene i Kinn

Dette handlar om saka der overskrifta i Fjordenes Tidende 12. januar i år var: «Kyrkjene i Kinn treng vedlikehald».



Som Elling Bortne skriv om så perfekt: regjeringa strør milliardar av kroner rundt om i verda til inga nytte. Men her til lands manglar dei pengar til det meste. Ikkje berre til vedlikehald av kyrkjene, men også til å bruke kyrkjeklokkene. Det må no vere fallitterklæring å la folk høyre slikt. I tidlegare tider, då vi ikkje hadde pengar, var det aldri snakk om å leggja ned noko. Det var heller utvikling til det beste, i utkantane, til liks med landet elles. Høyrde aldri at regjeringa vår la seg bort i korleis andre land styrde seg. Hadde dei styrande her i landet no, med dei enorme pengemengder som fossar inn i statskassa hatt litt sunn fornuft og brukt pengane til det beste for land og folk, hadde vi hatt heilt andre tilhøve. Mellom anna hadde vegane, som truleg er av dei dårlegaste i Europa, vore langt betre. No er dei so opptekne av å spare, slik at dei unge i dag slepp å slite for pengane. At verdien på vår valuta går ned, ensar dei visst ikkje.

Og som E.B. skriv, er vi no meir opptekne av innvandrarane sine «seder og skikkar» enn å ta vare på våre eigne. Når vi kjem til deira land, må vi pent danse etter deira pipe. Etter å ha lese innlegget til E.B. vart eg imponert over hans innsyn. Noko liknande kjem om lag aldri til syne i norsk presse. Alt og alle tykkjest vel til freds, som manneta. Ho også fylgjer straumen, uansett kva veg. Vil påstå at med eit so normalt livssyn hadde han eigna seg på toppen av Løvebakken, mykje betre enn troikaen som er/var no.