«Best ever, Arne Johannessen? Men det er vel bare svartmaling dette også»

Dette lesarinnlegget er skrive av Auður Rafnsdóttir frå Holvik.  Foto: Svanhild Breidalen

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Auður Rafnsdóttir frå Holvik.

Svartmaling?

Vi har alle sett at leiar av politiet i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen, har vore ute i media og vil ha slutt på det han kaller svartmaling av politireforma. ”Best ever” er karakteren han tildeler seg sjøl og eigen etat. Og vidare ” …dette betyr betre tenester til innbyggjarane i Sogn og Fjordane.”



Eg held på å søke om norsk statsborgerskap, det går endelig an for oss islendinger å ha dobbelt. Det skal vere ei veldig forenkla rutine for oss frå Norden. Ein treng ikkje søke, bare melde om at ein ønsker dobbelt statsborgerskap. Har levert inn melding for en stund siden til UDI og fått papirene eg treng derifrå + at eg har fått vandelsattest fra politiet.

Så må eg møte opp på et lensmannskontor med papirene signert og passet mitt. Lensmannskontoret vil så sende papirene til Udi igjen. I søknaden til UDI måtte eg gi opp ka for et lensmannskontor eg ville levere søknaden til og eg valgte selvfølgelig Eid. Då eg så ringte i dag tidlig for å bestille time for å levere min ferdig signerte søknad og vandelsattesten så fekk eg beskjed om at det ikkje var ledig time før i mai! Kanskje det er kortare ventetid i Florø seier dama på Eid og gir meg et nummer eg kan ringe for å forandre fra Eid til Florø. 58 minutt var eg på vent i den telefonen før eg endelig fekk svar. 58 minutt! Og svaret eg fekk der var at det var minst like lang ventetid i Florø. Då ringer eg opp igjen til Eid for å få ho til å sette meg opp på en time. Nei det kunne ho ikkje for " kalenderen" var ikkje klar! Ho visste ikkje kor tid den ville bli klar og ba meg at eg måtte sjølv følgje med på UDI sine nettsider når den skulle bli klar.....

Hørt på maken til rot!

Det er en ferdig utfylt og signert søknad eg skal levere og møte opp med passet mitt slik at dei kan bekrefte at eg er meg, og så må dei vel ta eit bilde og eg må skrive under slik at dei får mi underskrift i det nye norske passet. Kor lang tid tek dette? Eit kvarter? Då vi hadde passteneste på Vågsøy lensmannskontor var dette null problem. Korleis kan det vere tre og ein halv månad ventetid på Eid og i Florø?!

Dama på Eid sa forresten at alt dette skal flyttast til Førde i juni, så det blir det neste.

Da må altså folk frå vårt område køyre heilt til Førde, som betyr en heil tapt arbeidsdag. For å levere et ferdig utfylt skjema og ta et bilde.

Best ever, Arne Johannesen? Men det er vel bare svartmaling dette også.