«Alle gode ting er tre – Nordfjord, Sunnfjord og Sogn»

Dette lesarinnlegget er skrive av Erna Solberg, statsminister og Olve Grotle, 1. kandidat i Sogn og Fjordane for Høyre. Bildet er tatt då Erna besøkte Måløy og Kulatoppen omsorgssenter for nokre år sidan.  Foto: Fjordenes Tidende

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Erna Solberg, statsminister og Olve Grotle, 1. kandidat i Sogn og Fjordane for Høyre.

«Alle gode ting er tre – Nordfjord, Sunnfjord og Sogn»

Slik går refrenget i den kjende fylkessongen. Høgre og regjeringa sin plan er at den setninga framleis skal vere sann – langt inn i framtida.

Det har kanskje kome som ei lita overrasking på nokre bergensarar, men det går ganske godt i Sogn og Fjordane. Faktisk er eg stolt over at vi no kan kalle oss samfylkingar, mest fordi dokke står for så utruleg mykje av alt det positive som skjer i nye Vestland.

Alt er sjølvsagt ikkje perfekt, men det går gjetord om Sogn og Fjordane, heilt til Oslo og til statsministerens kontor. Om eit Sogndal med oppsiktsvekkande positiv folketalsvekst. Eit Nordfjord med reiselivssatsingar i verdsklasse. Sunnfjord-byane Førde og Florø i ei rivande utvikling, som den motoren dei skal vere. Og om eit offensivt næringsliv, som satsar på sjø, land, grøn teknologi og helse – frå Solund i vest til Luster i aust.

Det kjekkaste med statsministerjobben er dagane på reise ute i landet. Dei siste åra har eg besøkt skyliften i Loen, Campus i Sogndal, Tibber i Førde, Evoy i Florø, West Mekan på Eid, Kulatoppen omsorgssenter i Måløy, Elkem i Svelgen og Brødrene Aa i Hyen. For å nemne nokre.

Det er kanskje ikkje slikt ein tenkjer over når ein bur her, men Sogn og Fjordane har langt fleire attraktive distriktskommunar, stader der folk faktisk vil bu, enn folketalet strengt tatt skulle tilsei. Og det er attraktive jobbar som er nøkkelen til alt. Arbeidsplassar er grunnlaget for vekst og aktivitet i lokalsamfunna og gode liv for dei som bur her. Der er Sogn og Fjordane gode.

Likevel vil Høgre og regjeringa legge til rette for at Sogn og Fjordane kan bli endå betre. Dei maritime næringane, prosessindustrien, sjømat og reiseliv står for sju av kvar tiande krone vi sel varer og tenester til utlandet for. Høgre heier på desse næringane. Og vi heier på olje- og gassindustrien. Skal vi greie å skape verdiane vi skal leve av i framtida, har vi ikkje råd til å ikkje utnytte det fantastiske ressursgrunnlaget Sogn og Fjordane har. Slik er det som er bra for Sogn og Fjordane òg bra for Norge.

Difor seier Høgre nei til Støre og Senterpartiets skatteaukar, som vil gjere det vanskelegare å skape dei jobbane vi treng. Vi vil i staden halde fram med å la både bedrifter og dei som jobbar der behalde litt meir av sine eigne pengar kvart år. Slik bidreg vi til å skape meir og inkludere fleire.

For sjølv om partia på venstresida i årevis har forsøkt å stemple regjeringa som usosial, er det like feil no som i 2013. Berre i 2021 set vi av pengar til 7000 nye tiltaksplassar for folk som av ulike grunnar har falle utanfor arbeidslivet. Vi gir over 11.000 uføretrygda moglegheit til varig tilrettelagt arbeid. Og vi aukar barnetrygda. Høgre meiner alvor med at alle som kan jobbe, bør få jobbe.

«Menneske, ikkje milliardar» er overbygninga for politikken vår. Høgre er partiet for trygge lokalsamfunn, gode skular der ungane våre lærer meir, studiestader i heile landet, helsetenester og eldreomsorg som set pasienten og brukaren i sentrum – ikkje systemet. Høgre er partiet for det som kjenneteiknar fellesskapet og samfunnet vi har bygt i generasjonar, samtidig som vi heile tida ser på kva som kan betrast – ikkje minst knytt til klima- og miljøtiltak.

Å handtere koronaen er det viktigaste regjeringa har brukt tida på i 2020, men det skjer også mykje anna. Det pågår eit stort strategiarbeid om korleis vi skal styrke distrikta på sikt. At folk flyttar frå bygdene til byane er ein trend vi har sett i Norge over mange tiår. Mange stader er folketalsutviklinga negativ, og nokre stader er nok det vanskeleg å snu. Det er ei utfordring. Vi trur likevel det er verdt å sjå nærare på korleis mindre byar og tettstader kan bli endå viktigare kraftsenter i bu- og arbeidsområda våre. Dette arbeidet vil vere særs relevant for Sogn og Fjordane.

Samtidig vil Høgre halde fram med politikk vi veit verkar. Stor handlefridom til lokaldemokratiet er viktig. Det same er statlege arbeidsplassar ut av Oslo. Endå viktigare er ei framleis rekordsterk satsing på vegane våre. Sidan vi tok over i 2013 er budsjettet til samferdsle auka med 97 prosent. I 2021 og i åra framover vil vi halde fram utbygginga av E39 gjennom Sogn og Fjordane og vi hegner om flyplasstrukturen med gode flytilbod både frå Florø, Førde, Sogndal og Sandane. Trass i at innflyginga til sistnemnde kan vere ei prøving sjølv for ein reisevant statsminister. I 2021 set vi også av ekstra pengar til ny asfalt på fylkesvegar i heile landet, og vi set i gang arbeidet med Stad skipstunnel, som mange i Nordfjord har venta lenge nok på.

«Her har me faktisk det meste me treng. Her er det nok å gjere. Her har me lyst til å vere», heiter det mot slutten av fylkessongen skriven av Ottar Wiik frå Vik.

Til hausten er det stortingsval. Stemmer du på Høgre og vår mann i Sogn og Fjordane, Olve Grotle, stemmer du på ein politikk for endå meir av det vi alle treng, endå meir å gjere og endå fleire grunnar til å ha lyst til å vere. Vere her. For vi trur på Sogn og Fjordane.

Godt nytt år!