«Ordføraren i Kinn, Ola Teigen, ser ut til å ha blitt lokka utpå»

Dette innlegget er skrive av Ingunn Kjelstad og Einar Rysjedal i Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn.  Foto: Erling Wåge

Meninger

Dette innlegget er skrive av Ingunn Kjelstad og Einar Rysjedal i Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn.

Selskapa Equinor, Hydro og Panasonic har no invitert alle landets kommunar til å melde inn aktuelle lokasjonar for etablering av batterifabrikk. Mange kommunar arbeider difor med å gjere seg attraktive for å få batterifabrikk etablert innanfor sine kommunegrenser. Dette forstår vi godt, utifrå at vi treng fleire arbeidsplassar i Sogn og Fjordane for å halde oppe folketalet og for å ha jobbar til unge som skal ut i arbeidslivet.

Batterifabrikken som dei multinasjonale selskapa skisserer i sin invitasjon, er svært kraftkrevjande. Etableringa av fabrikken kan difor bety auka press for kraftutbygging, og då særskilt utbygging av vindkraft. I Mo i Rana var det motsett. Der vart det vifta eller lokka med batterifabrikk dersom vindkraftselskapet Freyr fekk byggje ut vindkraft. Er vi no vitne til same politikken, men med endra taktikk?

Dei fleste kommunar som no jobbar med å ha attraktivt areal og infrastruktur for batterifabrikk, har samtidig stilt seg avisande til vindkraft i sine kommunar. Ordføraren i Kinn, Ola Teigen, ser ut til å ha blitt lokka utpå. I eit intervju med Firdaposten 15. januar 2021, vil han ta i bruk kraftoverskotet i Sogn og Fjordane for ein batterifabrikk. Eit overskot som i dag i m.a. vert eksportert til Austlandet. Trur han verkeleg at manglande kraftoverføring til Austlandet vil verte erstatta med vindkraftutbygging i Holmenkollåsen eller i Nordmarka? Eller vil presset på utbygging i fjella våre auke?

I neste intervju, med E24 18. januar 2021, seier han følgjande: «Jeg tror også dette vil kunne bidra til å endre folks holdning til lokal kraftutbygging. Det er stor motstand mot vindkraft både her og i nabokommunen Bremanger. Men skapes det lokale arbeidsplasser basert på den krafta, så er det et godt argument». Med dette stadfestar han nettopp at auka press på utbygging av vindkraft kan bli resultatet.

Er ordførarane våre no villige til å byte bort dei store verdiane som ligg i natur, miljø, friluftsliv og allemannsrett, og endre haldninga dei har til vindkraftutbygging i fjella våre? Vil dei på denne måten risikere å setje strek over eigne kommunale vedtak – som tydeleg tilseier at ein ikkje vil ha utbygging av vindkraft i urørt natur eller på kostnad av viktige verdiar.

Vindkraftutbygginga til no har vist at det er lett å verte lurt av falske lovnader. Vi har tillit til at ordførarane vektlegg at avgjerder vert tatt i rett rekkjefølgje, og at både dei og vi som bur her i distrikta ikkje opplever å sitje att med ei kjensle av å ha blitt lurt. Igjen.