«Ein må sjå heile bildet, Ola Teigen»

Dette lesarinnlegget er skrive av Ingunn Kjelstad og Einar Rysjedal, leiar og nestleiar i Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn. Innlegget er eit svar til ordførar i Kinn, Ola Teigen, sitt innlegg Ja, eg er lokka utpå.  Foto: Erling Wåge

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Ingunn Kjelstad og Einar Rysjedal, leiar og nestleiar i Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn. Innlegget er eit svar til ordførar i Kinn, Ola Teigen, sitt innlegg Ja, eg er lokka utpå.

Sjå heile bildet!

Ola Teigen svarar på vårt innlegg den 25. januar 2021. Han tek ordførargjerninga si på alvor, og er difor positiv til initiativ som skal legge til rette for lokale arbeidsplassar og lokal ”foredling” av lokal kraft. Dette forstår vi godt. Han gjer jobben sin.



Vi er også for lokale arbeidsplassar og lokal bruk av «kortreist» kraft som kan gje oss som bur i distrikta større verdiar frå utnyttinga av naturressursane vi omgjev oss med. Vi ønskjer eit levande og skapande distrikt også i framtida. Og vi meiner det er heilt avgjerande at vi får bukt med dei øydeleggingane vi menneske påfører kloden vi bur på. Men det er like avgjerande med ein levande natur rundt oss også.


Vil at Kinn kommune skal kaste seg inn i kampen om ny batterifabrikk som kan gje 2.000 arbeidsplassar

Equinor, Hydro og japanske Panasonic har planar om å bygge ein ny fabrikk i Norge for produksjon av elektriske batteri, mellom anna til den europeiske bilindustrien. No vil ordføraren at Kinn kommune kastar seg inn i kampen for å få fabrikken til Florø.


Og det er dette vi ikkje får til å gå i hop. Dersom vi skal vere Europas grøne batteri, som er vindkrafta sitt mantra, og samtidig elektrifisere sokkelen og samfunnet, er det ingen tvil om at det trengst mykje meir kraft - meir kraft enn vi har i dag. Dette vil setje naturen vår under stort press.


– Vi har eit betydeleg kraftoverskot, og kan vi nytte den krafta vi har til industriproduksjon lokalt, blir det mindre eksport ut

Kinn-ordførar Ola Teigen (Ap) avkreftar at ein batterifabrikk skal bli ei brekkstong for å bygge ut meir vindkraft, slik Geir Oldeide (Raudt) spør om.


Og det er her vi vil at diskusjonen skal starte – kva samfunn skal vi ha, kva trengst av kraft og kvar skal denne krafta kome frå? Dersom ein startar med dette, kan ein hindre at vi sit att og har takka ja og amen til noko som viser seg å ha konsekvensar for regionen - konsekvensar som det opphaveleg ikkje var opplyst om.