«Kor lokalt og nært er politiet?»

Dette lesarinnlegget er skrive av Steinar Ness, Senterpartiet.  Foto: Erling Wåge

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Steinar Ness, Senterpartiet.

Kor lokalt og nært er politiet?

Nærpolitireforma var vedteken av Stortinget 10.06.2015. Reforma hadde ein «kvalitetsdel» som omhandla leiing, bruk av ny teknologi og politiarbeid på staden som det ikkje var politisk usemje om. Reforma hadde også ein strukturdel som bl.a. førte til nedlegging av 100 lensmannskontor. Strukturdelen har det heile vegen vore politisk strid om. Regjeringspartia Høgre og Frp har systematisk omtalt strukturendringane i politiet som ei «nærpolitireform». Gjennom samanslåing av politidistrikt og nedlegging av lensmannskontor, skulle politiet komme nærmare folk.



Mange innbyggjarar, tilsette i politiet, folkevalde, folk i brannvesen og ambulansetenesta som samarbeider med politiet, forskarar og fagmiljø har dokumentert at det Høgre og Frp har grunngjeve reforma med, er feil. Strukturendringane har ført til sentralisering. Dei kommunane som har mista sitt lokale politi og tilsette i sine tettstadar og småsamfunn, har ikkje fått eit nærare politi.

Ikkje noko av det politiinspektør Arne Johannesen skriv i sitt innlegg tilbakeviser dette. Han går ikkje i rette med verken statens eigne evalueringar av nærpolitireforma, granskingar av kva tilsette i politiet meiner eller andre fakta.



Sidan nærpolitireforma ikkje har gjeve dei resultat Høgre og Frp sa, har partia fått det travelt med å auke ressursinnsatsen i politiet. Politiet har i dei ordinære budsjetthandsamingane dei siste åra vorte tilført 3000 nye tilsette og over 4 milliardar kr i fylgje regjeringspartia. Dette gjev sjølvsagt fleire politifolk og meir midlar til datautstyr og bilar. Denne satsing har ikkje vore politisk omstridt og skal sjølvsagt gje positive resultat. Ein treng ikkje vere politiinspektør for å forstå at 3000 nye stillingar betyr mykje for resultata til politiet. Den politiske usemja som har vore om nærpolitireforma handlar såleis ikkje om det Johannessen skriv om.



Johannesen har sikkert heilt rett i at det er vorte meir synleg politi og betre beredskap i Førde og Sogndal. Det vert som regel resultatet der politiet vert stasjonert! Her slår Johannessen inn opne dører. Men kva har skjedd der lensmannskontora vart nedlagt; er politiet vorte meir synleg og har dei eit betre forebyggande arbeid på Sande, Skei, Hyllestad, Askvoll, Balestrand og i Skjolden? Er dei attverande lensmannskontora i Bremanger, Aurland, Lærdal og Årdal styrka etter reforma slik Høgre og Frp lova? Eller skal dei utarmast og så leggast ned?



Sigve Bolstad, som overtok som leiar i Politiets Fellesforbund etter Arne Johannsen, var innleiar på Lokalsamfunnskonferansen 18.01.2021. Han var tydeleg på at politiet «ikkje var nært nok» og at folk var haldne for narr gjennom å kalle dette for ei «nærpolitireform». Det er vanskeleg å unngå å legge merke til at desto høgare opp i politihierarkiet ein kjem desto større vert avstanden til vurderingane fotfolket i politiet har.

Arne Johannesen hevdar at kritikken av strukturendringane handlar om kritikk mot den einskilde politikvinne/politimann. Det skuffar meg at han mot betre vitande påstår også dette. Eg har den største respekt for tilsette i politiet. Det er ikkje den enkelte tilsette sitt ansvar at politiet ofte kjem sist og etter brann/redning og ambulansen på ein skadestad. Det er heller ikkje den enkelte tilsette sitt ansvar at kjennskap, oversikt og lokalkunnskap vert borte gjennom sentraliseringa av arbeidsplassar i politiet. Begge deler handlar om struktur og organisering.



Ein viktig kvalitet i det norske samfunnet er tillit. Særleg viktig er det at me kan ha tillit til politi- og rettsvesenet. Då må me som borgarar kunne forvente at både store og litt mindre store leiarar fortel heile sanninga; «the truth, the whole truth and nothing buth the truth».