«Om skulenedlegging i Kinn: Innsparing og innsparing – fru Blom»

Illustrasjonsfoto.  Foto: Louise Nygaard

Meninger

Dette innlegget er skrive av Montessoripedagog Eli Bolette Høydal Tyvold:

Ei av oppgåvene ein kommune har er å syte for at barna får opplæring og skulegang. Dette må kommunen gjere, sjølv om det kostar pengar. I dei seinare åra ser det ut til at det har gått sport i å få til denne skulegangen billigast mogleg, ved å putte flest mogleg barn inn i små klasserom, og sende småungar ut i bussar på pendlevegar som vaksne folk i varme bilar betraktar som tortur. Forstå det den som vil.

I eit innlegg i avisa kunne vi nyleg lesa at grendalaget i Stavang spurte om det verkeleg var slik at nedlegginga av dei to distriktskulane i Steinhovden og Stavang, alt frå hausten skulle redde budsjettet i Kinn kommune, og ja – det kan verkeleg sjå slik ut i det framlegget som kommunedirektøren har lagt fram til dei folkevalde.

Men kor mykje kan man eigentleg spare på å legge ned desse grendaskulane. Kommunen sjølv har lagt til grunn at man kan spare 8 millionar kroner på å legge ned tre grendaskuler, medan det i rapporten til Norconsult ligg inne ei innsparing på 3 millionar kroner. Differansen mellom desse summane er urovekkande stor.

Innsparinga for kvar av skulane er etter det kommunen legg til grunn 2.7 millionar, medan den i følge Norconsult sin rapport er på 1 million kroner. Det er med andre ord ikkje så godt å seia da, kor mykje som kan sparast inn på nedlegging av ein skule med tilhøyrande lokalsamfunn.

Dersom man skal spare 8 millionar samla på desse tre skulane betyr det at det skal leggast ned kring 12 arbeidsplassar samla sett, som ikkje skal erstattast inn i den eller dei skulane som skal ta i mot desse elevane. Dette betyr jo at dei barna som misser skulen sin, ikkje skal koste noko når dei tek til i ein ny skule og slik sett får jo alle skulebarna eit dårlegare tilbod.

Kven er så desse lærarane som mister jobben ? Truleg er det dei nyutdanna som nettopp er ferdig med utdanninga si som mister jobben sin og truleg er vil dette i hovudsak være lærarar som jobbar i skulane i Florø sentrum, sidan lærarane i distrikta har lenger ansiennitet.

Dersom innsparinga er på 3 millionar kroner slik som Norconsult ser for seg, betyr det at det skal leggast ned kring 4.5 arbeidsplassar samla sett. Argumenta vil for ei slik innsparing vere mykje den den same som for innsparinga over.

Vi som bur her i distriktet registrerar at politikarane går hardt ut både ved tap av arbeidsplasser og for å få arbeidsplasser til Kinn. Da er det vanskeleg å skjøne at de same politikarane nå med fullt overlegg skal fjerne desse kompetansearbeidsplassane, der mange av dei er for kvinner. Det kan sjå ut som det er arbeidsplassane i utkantane det går ut over, men det kan hende det er unge nytilsette lærarar i sentrum det vil gå mest ut over, da lærarane på bygda truleg har lengre ansiennitet.

Barn har rett på tilpassa opplæring. Dess fleire barn som blir skvisa inn i eit klasserom, dess dårlegare blir tilbodet. Er dette pedagogisk forsvarleg ?

Kor lang tid går det før det må settast inn att fleire ressursar til mottaksskulen fordi det faktisk viser seg at barna treng lærarar og assistentar som både kan sjå og hjelpe kvar enkelt.

Kor lang tid går det før foreldre til barn med spesielle behov klagar til fylkesmannen i Vestland over manglande spesialpedagogisk hjelp. Truleg er det jo slik at det vil vere fleire elevar som treng slik hjelp når klassane blir større.

Når vinninga går opp i spinninga så koker det kanskje ned til at innsparinga på å legge ned ein grendaskule vil vere på ½ rektor, som er omlag den tida som rektoren bruker på skuleadministrasjon. Den andre halve rektoren blir brukt til elevretta arbeid.

For å spare inn denne halve rektoren er altså politikarane i Kinn villig til å legge ned ein grendaskule med store ringverknader for eit heilt lokalsamfunn, ja for heile gamle Flora og for heile nye Kinn.

For å spare inn denne halve rektoren er altså politikrane i Kinn villige til å sende småbarn ut på lange daglege pendlarreiser, og slik påføre fylket enda større utgifter til skuleskyss ?

Det er ikkje vår lommebok seier politikarane i Kinn, så det er ikkje så farleg. Ikkje så farleg seier de. Pengane som blir brukt til skuleskyss er også fellesskapet sine pengar, altså dine og mine.

Totalt sett blir det altså lite å spare på skulenedlegging og i tillegg er det ikkje særleg berekraftig med enda meir transport over enda større område. Innsparing og innsparing fru Blom.

Vi som bur i distriktet ber om at du som politikar i Kinn først og fremst legg inn pengar til lovpålagte tenester også i utkantane, for vi betaler også våre skattepengar inn til kommunen. Slik sett er vel også vi ein del av Kinnfamilien, er vi ikkje ?