«Frå H og V kan ein ikkje forvente anna, men frå Ap så kunne ein forvente at dei stod opp og kjempa for den offentlege skulen»

Dette innlegget er skrive av leiar i Kinn Sp, Nils Myklebust.  Foto: Svanhild Breidalen

Meninger

Dette innlegget er skrive av leiar i Kinn Sp, Nils Myklebust.

I Kinn kommune er vi på nytt dessverre komen i situasjonen der AP, H og V ynskjer å legge ned grendeskular for å finne økonomisk rom for store investeringar. Vel kan dei vere ynskjelege, men dei er ikkje lovpålagde for ein kommune. Dessverre så gjorde dei same partia dette også i Vågsøy, då med tenke på nedlegginga av Bryggja og Holvik skule. Nedlegginga enda med ei økonomisk katastrofe for kommunen i staden for innsparingar. Ein må forvente at ein lærer av tidlegare feil.

Frå H og V kan ein ikkje forvente anna, men frå Ap så kunne ein forvente at dei stod opp og kjempa for den offentlege skulen. Den offentlege skulen har AP sentralt snakka varmt om, men ikkje Ap i Kinn. Dei kom med forslag om at kommunen skulle halde seg nøytrale då kommunen skulle komme med synspunkt til Staten om oppretting av privatskule i Florø sentrum. Vi har nøytrale politikara i Kinn kommune. Ikkje berre i Ap, men også i H og V. Eg trudde heller aldri at vi i SP skulle snakke fram privatskular i staden for den offentlege folkeskulen, men det ser dessverre ut som det er den einaste måten ein kan klare å behalde grendeskular i bygdene.

Det å ha ein barneskule som til stadigheit er truga av nedlegging av såkalla sentrumspolitikarar, opplevast som utmattande og trasig for dei som bur utanfor sentrum. Dette fører til tilbakegong og ikkje framgang. Usikkerheita om ein skule skal få leve eller ikkje, førar til at unge par vert usikre på om dei vil etablere seg ute i bygdene. Denne usikkerheita hindrar at vi får folketalsauke i Kinn kommune. Dei som har ei tilknyting til ei bygd, vil i mange tilfelle bygge å bu der dei sjølve vaks opp og hadde ein trygg barndom. Det er denne tryggleiken dei no vil gjeve også sine eigne barn. I dagens samfunn, der begge er i arbeid er avstand til skule og barnehage av vesentleg betydning.

Kinn Sp vil stå skulder ved skulder med bygdene både i skulesaker og andre saker som må til for at vi skal ta «Heile kommunen i bruk». Vi er av den formeining at det er ved mangfald vi byggjer kommunen både i sentrum, så vel som i utkantane. Skal vi få til samhald og samarbeid i kommunen, så kan ein ikkje sak etter sak tvinge gjennom vedtak med ei røyst overvekt. Dette er stikk i strid med tankegongen rundt formannskapsmodellen.

Eg oppfordrar Ola Teigen til å handtere saker i kommunen slik at han kan bli oppfatta av innbyggarane som ombodsmann og ordførar for alle i kommunen, også dei i bygdene.

For Ap og Teigen, så var det ikkje noko stort problem å berge desse skulane i samarbeidsavtalen med Sp. Var det enklare då når ordførarkjeda kunne bli ditt Teigen?