«Høgre utan svar om nærpolitireforma»

Dette lesarinnlegget er skrive av Steinar Ness, Senterpartiet.  Foto: Erling Wåge

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Steinar Ness, Senterpartiet.

Høgre utan svar om nærpolitireforma

Det er kveld laurdag 17. april 2021. Det kjem melding til politiets alarmsentral i Bergen om brann i ein tunnel om lag 35 min køyretid frå Sogndal i retning Skei. Innringar veit ikkje kva tunnelen heiter. Det er dei første minuttane stor uvisse om kvar brannen er og kor stor den er. Kl. 22.57 vert brann/redning, helse og politi varsla gjennom trippelvarsling. Kl. 23.02 vert brannvesenet på Skei utkalla og kl. 23.05 vert brannvesenet i Fjærland utkalla. Under svært krevjande omstende klarar brannvesenet å få alle ut av tunnelen. Helsevesenet er på plass og tek hand om dei røykskadde. Alle vert frakta til Førde sentralsjukehus med ambulansehelikopter og redningshelikopter. Innsatsen på skadestaden måtte i den mest kritiske fasen leiast av brannvesenet. Politiet sin patrulje med innsatsleiar rykte ut frå Førde og var ikkje framme før etter at alle er ute av tunnelen.

Denne tenkte hendinga fram i byggjer på fakta frå brannen i Fjærlandstunnelen 17. april 2017. Med ein viktig skilnad. I 2017 var det framleis lensmannskontor med tilsette på Skei i Jølster. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane hadde evalueringsmøte etter den dramatiske hendinga der 7 bilar og 13 menneske var innesperra, på Jølster kommunehus 01.06.2017. I referatet frå møtet heiter det: «Det var lang utrykkingstid for patrulje med innsatsleiar, men lensmannen i Jølster kom fort på plass på Skei-sida av tunnellen og leia ILKO der til patruljen var på plass». (ILKO er forkorting for innsatsleiar sin kommandoplass).

Dette viser kjernen i den politiske usemja om nærpolitireforma. Kva skjer på Skei og dei over 100 stadar i heile landet der lensmannskontoret med eigne tilsette som er busette i lokalmiljøet, vert lagt ned? Lovnaden frå Høgre og Frp har er at politiet skal vere meir synlege, meir til stades, kome raskare og drive betre forebygging der lensmannskontoret er nedlagt. Politiets Fellesforbund kallar desse påstandane ein «bløff». Når Høgres Frida Melvær og Olve Grotle skriv side opp og side ned om politiet skriv dei ikkje noko om dette som usemja mellom Senterpartiet og Høgre gjeld.

Brannvesenet er den mest desentraliserte naudetaten me har. Dei er til stades i alle lokalsamfunn. Nokon vil kalle denne strukturen gamaldags. Men når ulukka skjer, rykkjer dei ut og dei kjem fram før og ofte svært lenge før politiet. Dette er sjølvsagt ikkje ein kritikk av dei tilsette i politiet, men ein kritikk av sentraliseringa til Høgre. Alle forstår at det tek lenger tid å køyre 6 mil enn å køyre 2 mil.

Det foregår mykje fælt på nettet som politiet må ta tak i. Men alle som har hatt heimekontor, siste året vil vite at vi ikkje kjem nært folk på ein fiberkabel. Ras, flaum, ulykker, brannar, fysisk vald, innbrot, overgrep, valdtekt og drap skjer ein fysisk stad. Kor fort politiet kjem, vil avhenge av kor langt unna dei er. Folk blør ikkje seinare på Skei enn i Førde.

Folk i større byar og tettstadar ser også verdien av ein god beredskap nær folk. Folk veit at når dei står innestengd i Fjærlandstunnellen eller Gudvangatunnellen, hjelp det lite å ha postadresse i Vieåsen i Førde, på Majorstua i Oslo eller eit steinkast unna Haukeland sjukehus i Bergen. Dei forstår at dei då er avhengig av den lokale beredskapen i Aurland, i Fjærland og på Skei.

Eg meiner at eit desentralisert politi med tilsette som bur og lever i nærmiljøet, har vore ein suksess i politiet sitt forebyggande arbeid i spreiddbygde område. Det gjev den enkelte tilsette verdifull kunnskap når dei hentar barn i barnehagen, har elevar i skulen, er å treffe på butikken, er aktive i idrett, deltek på 17. mai-feiring osv. Politikontaktene kan gjere mykje bra, men ikkje erstatte verdien av kunnskap og tillit som vert bygd opp i lokalsamfunnet. Lokalkunnskap er også viktig i handteringa av flaum og ras. Dessverre er det slik på mange områder i samfunnet, at velfungerande ordningar vert avvikla fordi resultata ikkje kan teljast og dokumenterast.

Spørsmåla Melvær og Grotle står utan svar på er:

1. Ser de ingen ulemper ved at lensmannskontoret på Skei er nedlagt?

2. Dersom alt vert betre når det «gamle lensmannskontoret» er nedlagt; kva fleire kommunar i Sogn og Fjordane skal få del i denne «framgangen» ved at deira kontor vert nedlagt i åra som kjem?