«Siste svar til Nils Myklebust»

Dette lesarinnlegget er skrive av Ola Teigen (Ap), ordførar i Kinn.  Foto: Gjert Myrestrand

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Ola Teigen (Ap), ordførar i Kinn.

Siste svar til Nils Myklebust

I kommunestyret si handsaming av høyring om etablering av Montessoriskule gjorde kommunestyret følgande vedtak:



Kinn kommune er positive til mangfald i det pedagogiske tilbodet i kommunen. Ei breidde i barnehage og skule kan, saman med andre faktorer som eit aktivt kulturliv, idrett og friluftsliv, vere avgjerande for dei som vurderer kvar dei skal busetje seg. Grunna forventa lågare elevtal for kommunen dei næraste åra, vil ein friskule utfordre oss ytterlegare, både på økonomi og struktur. Dei strukturelle endringane som vurderast er grep som må sjåast i samanheng med nedgang i barnetal. Difor vil det på noverande tidspunkt ikkje vere ønskeleg med ei etablering av ein Montesorriskule i Florø.



Forslaget vart fremja av Silje Ødegård Standal frå Arbeiderpartiet. Forslaget var eit fellesframlegg frå Ap og H.

Vedtaket fekk 27 stemmer frå Ap, R, H, V og SV. KrF, MDG, FrP og Sp stemte imot.

Dersom Myklebust er uroa for etablering av private skular bør han prate med sitt eige parti, Senterpartiet, som valde å stemme saman med dei tre partia som ville ha etablering av privatskule. Det er i alle fall ingen grunn til å gå til åtak på Ap.



Elles registrerer eg at Myklebust ikkje vil svare på dei spørsmåla eg stiller han, men han kjem ned nye uriktige påstandar om kva eg visste i 2019. Grunnen til at vi bestilte ein skulebruksplan var for å få kunnskap om elevtalsutviklinga framover. Den var ikkje klar i 2019, men desember hausten 2020.

Kunnskap om utviklingstrekk i kommunen, enten det handlar om elevtal eller tal om framtidsbehov for institusjonsplassar, er viktig for å kunne dimensjonere tenestetilbodet i kommunen vår. Eg trur alle politikarar framover må ta dette på alvor, og så er det nokre diskusjonar, som denne, som bør få mindre plass.