«La det ikkje vere tvil, dagens ruspolitikk er feilslått»

Dette innlegget er skrive av Ole Martini, sentralstyremedlem i Unge Venstre.  Foto: Venstre

Meninger

Dette innlegget er skrive av Ole Martini, sentralstyremedlem i Unge Venstre.

Rusreforma står om liv

Når Venstre og regjeringa om kort tid legg fram rusreforma har Stortinget ei historisk moglegheit til å setje punktum for mange tiår med feilslått ruspolitikk. Dessverre kappast Arbeidarpartiet, Framstegspartiet og Senterpartiet om å uttrykkje mest mogleg skepsis til vår tids viktigaste sosiale reform.

La det ikkje vere tvil: Dagens ruspolitikk er feilslått. Noregs makabre europeiske pallplassering i overdosedødsfall kviler tungt på skuldrene til kvar og ein som forsvarer dagens strafferegime. Når forsking i tillegg ikkje kan påvise nedgang i rusbruk med ein ruspolitikk som straffer, er det sterk grunn til å tvile på at dagens ruspolitikk har noko særleg for seg.

I motsetning til tidlegare har vi nemleg no eit heilskapleg kunnskapsgrunnlag rundt ruspolitikk og rusreform: Rusreformutvalets rapport. Ein rapport som verkeleg går i breidda og djupet på avkriminalisering og svarer ut mange av motførestillingane ein del politikarar eller andre måtte ha mot rusreforma. Rapporten burde i mine auge utgjere pensum for kvar og ein helsepolitikar.

Så når rusreforma denne våren sendast til Stortinget er det i realiteten to val: Dagens feilslåtte politikk, eller ein ny og human linje basert på kunnskap og erfaringar frå andre land.

Rusreforma risikerer per dags dato å ikkje passere Stortinget, takka vere motstand frå krefter i AP, FrP og SP. Det er ingenting anna enn uverdig. Dagens ruspolitikk har kravd for mange liv til at denne reforma skal møtast med noko anna enn tverrpolitisk semje.

Ruspolitikkens moralisme er forbi. Korkje tungt rusavhengige eller eksperimenterande ungdomar treng bøter, inndraging av førarkort eller noko anna form for straff. Dei treng hjelp. Derfor håpar eg at Stortinget seier ja til Venstres rusreform. Det står trass alt om liv.