«Eg håpte på gjennomslag for at pensjonistane kunne fått forhandlingsrett overfor staten, på same måte som bøndene får framforhandla si lønn»

  Foto: Fjordenes Tidende

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Åge Starheim, pensjonist:

Framtidig pensjon

Som pensjonist er eg glad for at SV, Framstegspartiet og Pensjonistforbundet saman har arbeidd aktivt for at pensjonistane i framtida skal få ein anstendig pensjon, og at det no ser ut for at dei klarer å få eit fleirtal på Stortinget til å vedta dette. Dette er gledeleg, men det burde vore sjølvsagt.

Pensjonsreforma vart vedteken då eg var på Stortinget. Frp var det einaste partiet som røysta imot reforma. Vi såg kva som ville verte resultatet av reforma, og korleis dette ville gå ut over framtidige pensjonar. Alle som vil kan gå inn på referata frå Stortinget då reforma var til handsaming, og sjå at representantane frå Frp påpeikte kva som ville skje med framtidige pensjonar, og tida har vist at vi fekk rett.

No vert det spennande å sjå er om dei to store partia, Ap og H, støttar SV, Frp og Pensjonistforbundet sitt endringsforslag berre for i år, som eit valkamputspel, og at dei for ettertida vil gå tilbake til det dei aller helst ønskjer, nemleg å redusere pensjonsutbetalingane, slik som dei har gjort fram til no.

Pensjonsreforma har vist at pensjonistlaga må vere endå meir på bana, og saman med Pensjonistforbundet halde oppe presset overfor sentrale politikarar for å halde pensjonane på same nivå som andre lønsmottakarar får.

Eg håpte at Frp hadde fått gjennomslag for at pensjonistane kunne ha fått forhandlingsrett overfor staten, på same måte som bøndene får framforhandla si lønn. Det burde ikkje vere for mykje forlangt.