«Der det er vilje, er det også barnehage»

Dette lesarinnlegget er skrive av Elisabeth Halsne.  Foto: privat

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Elisabeth Halsne.

Stavang barnehage er foreslått lagt ned frå 1.august i år. Saka er på offentleg høyring, med høyringsfrist 30.mars.

2.februar fekk vi som har born i denne barnehagen beskjed om at vi måtte søke ny barnehageplass innan fristen 15.februar for å vere sikra barnehageplass viss Stavang barnehage vert lagt ned.



Det er både underleg og spesielt at kommuneadministrasjonen fremjar eit slikt pålegg nå, før ny skulestruktur er på plass.

Dette betyr at administrasjonen forskutterar ei avgjer som kommunestyret skal ta i april og er eit tydeleg signal på kor mykje vår meining skal vektleggjast i høyringsrunden.

Norconsult sitt framlegg til bruksplan for skule og barnehage seier ingen ting om konsekvensane av å legge ned barnehagen. Der står ikkje eit ord om korleis dette vil påverka familiekvardagen, eller om arbeidssituasjonen til foreldra. Ingenting om auka kostnader for foreldra. Ingen ting om det samfunnsøkonomiske tapet av å leggje ned barnehagen. Kva som er det beste for barnet er heilt fråverande.

Rapporten seier at barnetalet er lågt, men det står også at barnehagetilbodet er viktig i dei minste bygdene. Så kvifor leggje ned Stavang barnehage i det heile?

Kommunedirektør Heggheim er sitert i Firdaposten 17.desember under diskusjonen om nedlegging av skulane og barnehagen i kommunestyremøtet: «Dette må vi stå rakrygga i»

Herr kommunedirektør i Kinn. Dette skal vi som foreldre også stå rakrygga i. Våre born har vedtak om barnehageplass ved Stavang barnehage. Dette gjeld heilt til noko anna blir bestemt av kommunestyret.

Mi bekymring er at dei folkevalde også har bestemt seg på førehand. Då vil heile høyringsrunden verta ein proformasak der vår uttale ikkje skal leggjast i vektskåla? Eg vonar mi bekymring ugrunna og aller mest vonar eg at våre politiske representantar aldri gløymer at dei er valde av folket for å vera deira ombod. Også det folket som soknar til Stavang skule- og barnehagekrins.