«Jaja, Smenes, så gjorde vi det igjen!»

Dette lesarinnlegget er skrive av Raymond Myren og er ein kommentar til lesarinnlegget «Nei, Dalsbø, dette handlar ikkje om nord eller sør!".  Foto: privat

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Raymond Myren og er ein kommentar til lesarinnlegget «Nei, Dalsbø, dette handlar ikkje om nord eller sør!".

Jaja, Smenes, så gjorde vi det igjen!

Eg har tenkt lenge før eg sendte inn dette innlegget. Barnehagesaka er no ei faren sak og demokratiet har talt. Det aksepterer eg. Der er likevel nokre problem med prosessen som eg ikkje klarer å forstå. Dette er på ingen måte ein omkamp, men snarare ein respons på korleis saker blir handtert i vårt lokaldemokrati. Eg vil tillate meg å peike på to ting før eg legg frå meg pennen for denne gong:

1. Når frykta (eller kva det måtte vere) tek overhand så blir ein irrasjonell og økonomi-argumentet fell her på si eiga urimeligheit. I alle fall viss ein skal vere litt prinsipiell i debatten og tenke at vedtak i saker som liknar ein annan kan skape presedens. Fleirtalet i Stad kommunestyre(inkludert Smenes) vedtok for kort tid sidan å «legge til rette» for eit privat hotellføretak ein annan stad i kommunen med fleire millionar norske kroner.

Ein gjekk faktisk så langt at ein vil flytte eit offentleg tenestetilbod til fordel for det private. Dette skjedde til tross for at vi har liknande hotelltilbod berre 20 minutt vekke. Her er det også overkapasitet på jamna. Det var aldri eit tema om dei eksisterande arbeidsplassane her var truga. Eg trur egentlig at politikarane våre ikkje har til hensikt å gjere stor forskjell på verdien av offentlege og private arbeidsplassar. For ordens skuld: Eg meiner det er riktig å finne løysingar for tilrettelegging/samarbeid med private aktørar, og har tidlegare argumentert for offentleg/privat-samarbeid (OPS) når dette er fornuftig.

Det er også ei grei presisering frå Smenes at han klargjer sitt og Ap sitt generelle syn på OPS, Men det er difor også av særskilt interesse å få ei presisering på kvifor han meiner det er greitt å satse så sanselaust i hotellsaka men ikkje yte nokre kroner i barnehagesaka? Det som er svært forunderleg er at framtidstrua og vyane for det samelokalsamfunnet slåast av og på alt etter som den politiske vinden snur, og det skjer faktisk i løpet av eit enkelt kommunestyremøte. Dersom vedtaka i kommunestyret kunne vere litt meir prinsippbasert og ikkje vingle slik mellom måtar å handsame saker som liknar, så ville det vere enklare å tru på Smenes si fornekting av «nord/sør problemet» som mange andre dessverre så lett kan sjå.

2. Det er for meg forbausande kor mykje energi som blir brukt på å legge lokk på nord/sørproblemet vi har og har hatt. Etter mitt syn burde vi snart erkjenne utfordringa som vi har med dette og setje oss ned for å finne gode tiltak saman for å bygge det ned. Det krevjer opne auge og aktiv handling. Skylappane må av og ermane må brettast opp. Dette er eit viktig arbeid, men blir fånyttes om ikkje fleirtalet vil erkjenne at vi har ei slik utfordring som lokalsamfunn. Kan det tenkast at nokon meiner det er tenleg å oppretthalde denne «skjulte konflikta»? Skal vi teie den vekk?

Med håp om eit framleis velfungerande demokrati der alle kan ytre seg fritt, og vi alle ynskjer grannelaget og nabobygdene vel. Det er snart vår !