«Be NVE stanse utbygginga på Okla!»

Dette innlegget er skrive av Bent-Inge Borgund i Stad SV.  Foto: Marianne S. Rotihaug

Meninger

Dette innlegget er skrive av Bent-Inge Borgund i Stad SV:

Utbygger Falck Renewables har på ny søkt om endringer i tiltaket på Okla. Dei har søkt konsesjonsmyndigheten NVE om å godta endringar på tilkomstvegen, og saka ligg ute på høyring. Det viser seg at masseuttaket i Kristianura ikkje er aktuelt å nytte likevel. Undersøkelsar viser at det er for stor lausmassedekning, og uegna fjell. På bakgrunn av dette ønsker utbyggar å gjere endringar i veglinja for å ta ut steinmasser andre stader.

Det er oppsiktsvekkande at det kjem fram slike feil i planane på grunnlag av undersøkelsar som blir gjort no. Både OED og NVE har tidlegare bekrefta at all dokumentasjon og utredningar som ligg til grunn for at konsesjonen vart gjett, er gode nok. Det har gjennom granskingar blitt avvist at det er feil og manglar i saka.

Stad kommunestyre har behandla dispensasjonssøknad til vegen det no blir søkt om forandringar på. Det var eit omstridt vedtak, som gav dispensasjon med knappast mogleg fleirtall. No viser det seg at faktagrunnlaget som Kommunestyret vurderte si beslutning utifrå har feil og manglar.

Utbyggjar beskriv endringane som optimalisering av veglinje, og begrunnar det med miljømessige hensyn. Eg har prøvd å sette meg inn i kart og teikningar. Det er absolutt ikkje mitt fagfelt, men eg er veldig usikker på om endringane vil vere mindre inngripande. Slik eg ser det vil endringane føre til mykje større ingrep i areal, og gå langt utom inngrepsgrensene utbyggar har fått.

I rapporten som avskriv det planlagte massetaket er det og begrunna med at masseuttaket i Kristianura ikkje er økonomisk forsvarleg. Eg trur ikkje vi skal vere så naive å tru at det først og fremst er på grunn av miljømessige hensyn det blir søkt om endringstillatelse.

Dersom utbyggar får optimalisert vegen slik at dei kjem seg opp på fjellplatået. Kva for uforutsette endringar kan vi risikere då? Skal det også der gjerast undersøkelsar etterkvart, slik et ein finn ut om planane lar seg gjennomføre? Det viser seg i alle fall no at utredningane på førehand er svært mangelfulle.

Utbyggjar er nok i veldig tidsnød med å komme i mål innan fristen dei har fått. Eg fryktar at ved eventuelt nye optimaliseringar, vil hensyn til naturen fort tape i kampen mot klokka og økonomiske hensyn.

På bakgrunn av dette meinar eg at Stad Kommune må sende høyringssvar til NVE og be om at konsesjonen til Okla vindkraftverk blir trekt tilbake. Ny og utvida høring har frist 08.03. Ved forrige høring vedtok utvalg for areal og eigedom å gje fullmakt til administrasjonen om å formulere høyringssvar. Dette meinar eg er politisk ansvarsfraskrivelse i ei så viktig og betent sak.

No er det formannskapsmøte 18.02. og saka står på sakslista. Eg forventar, og reknar med at saka blir tatt grundig tak i der, og håpar virkelig det blir gjort vedtak om å signalisere krav til NVE fra Stad Kommune.