«Vi byggjer landet nedanfrå»

Dette lesarinnlegget er skrive av Judith Kvåle, leiar i Stad Arbeiderparti.  Foto: Gjert Myrestrand

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Judith Kvåle, leiar i Stad Arbeiderparti.

22. januar heldt Stad Ap årsmøte, og eg vil i dette lesarinnlegget fortelje litt om kva vi arbeider med, samt korleis vi arbeider. Årsmøtet er ein av dei viktigaste møtene i Stad Ap for då skal vi sementere og føre vidare dei lokalpolitiske initiativa våre, og sørge for at det vert del av den heilskaplege politikken Arbeiderpartiet fører. I år arbeidde vi oss gjennom ikkje mindre enn 11 uttaler som skal med til årsmøtet i Vestland arbeiderparti, der eg, Jan Vidar Smenes og Aadne Reidar Nes Kleppe er utsendingar. Vi er særskild stolte over å ha ein dyktig og engasjert ungdompolitisk talsperson i Aadne som allerede har vist godt igjen både i lokalmiljøet og i studentpolitisk arbeid i Trondheim, der han studerer.

Pandemi

Stad Arbeidarparti meiner at krisetiltak og kompensasjonsordningar må vare så lenge pandemien pågår. Og dei må innrettast slik at dei treff dei som treng det mest, enten det er bedrifter, permitterte, kulturlivet, reiselivet, studentar eller andre

Barnefattigdom

Stad Arbeidarparti meiner at innsatsen må aukast for å bekjempe barnefattigdom. Fellesskapet må stille opp, slik at alle barn kan få likeverdige muligheter, uavhengig av foreldre sin arbeidssituasjon, økonomi, helse med meir.

Psykisk helse hos barn og ungdom

Stad Arbeidarparti meiner at god psykisk helse er minst like viktig som fysisk helse. Dette gjeld særleg for barn og ungdom. Difor må forebygging og behandling av psykiske helseplager få ein enno større plass i velferdssamfunnet.

Kvinnehelse

Stad Arbeidarparti meiner det bør lagast ein eigen strategi for kvinner si helse. Denne må innehalde meir fokus på forsking, meir kunnskap i helseutdanningane og meir fokus i samfunnsdebatten. Det skal også være tilgjengelege tenester for kvinnehelse i heile landet.

Dagaktivitetstilbod for demente

Stad Arbeidarparti meiner at alle heimebuande personar med demens skal ha ein lovfesta rett til å få eit tilpassa dagaktivitetstilbod. Kommunane skal ha ei plikt til å opprette og drifte slike tilbod. Kostnadene skal skal etter ein fast fordelingsnøkkel delast mellom stat og kommune. I tillegg skal alle personar med mistenkt demens ha rett på medisinsk utgreiing.

Tannhelse

Stad Arbeidarparti meiner at tannhelsetenesta skal sjåast på som ein del av den ordinære helsetenesta, også når det gjeld betaling, eigenandel ved behandling og liknande. Eigenandel ved tannbehandling må leggast inn under Eigenandelstak 1 i Lov om folketrygd, på lik linje med lege, psykolog, spesialistpoliklinikk med meir.

Rekruttering av fastlegar

Stad Arbeidarparti meiner at sentrale myndigheter no må ta grep for å betre rekruttering og bevaring av fastlegar i heile landet

Eit skulesystem for dei mange, ikkje for dei få

Stad Arbeidarparti krev vern om nærskuleprinsippet

Nynorsk

Stad Arbeidarparti vil sikre gode levekår for nynorsken og legge til rette for meir bruk av nynorsk i grunnskulen, og ikkje berre i norskfaget. Vi vil sikre rettane til nynorskbrukarar i høgare utdanning, og innføre eit kompetanseløft for nynorsk i lærarutdanninga. Vi vil også sikre at alle offentlege organ nyttar nynorsk, i område der nynorsk er offisielt språk.

Samferdsle

Stad Arbeidarparti vil ha:

· Sikre og trygge vegar

· Rassikring

· Gul midtstripe på alle riksvegar

Vi vil sikre dei viktigaste funksjonane på vegnettet her i Stad kommune, før luftige ideear vert prioritert. Det er her næringslivet vårt treng å frakte varer inn og ut av fylket, her vi trafikkerar for å kome til/frå eit arbeidsmarked som vert stadig større i omfang, og det er her ungdomane våre skal lære å køyre, og på nattetid frakte vener til og frå ulike sentra.

Rus

Stad Arbeiderparti meiner at parallelt med auka førebygging og tidleg innsats i rusfeltet, må moglegheitene til rask (re)hablitering leggast til rette for. Dette må gjerast med eit systematisk fagleg samarbeid mellom NAV, kommune og BUP og DPS.

Kultur

Stad AP meiner pandemi-kompenseringa mot kulturlivet må aukast, også i bredde og omfang.

· stimuleringsordning som også tar høgde for nye nedstengingar

· kompensasjonsordning i tillegg til stimuleringsordninga

· samarbeid mellom helsemyndigheter og festilvalane sine interesseorganisasjonar for å auke medverknad til

· truverdige smitteverntiltak

· likestilte finansierings og ansetjingsordningar i dei ulike statlege kulturinstitusjonane

Desse punkta over – med begrunning - vert i desse dagar oversendt fylkeslaget frå alle lokallaga i Vestland, for handtering før årsmøtet den 13/3. Slik er vi med på å påvirke og bygge politikken nedanfrå. Vi har også nominert Siri Sandvik som leiar for Kvinnenettverket – noko ho har vore i nokre år, som landsstyremedlem og som landsmøtedelegat. Vi skal bli høyrd, og Stad skal vise igjen når politikken skal utarbeidast.

Stad er ikkje ein liten kommune. Vi har like mange delegat som Høyanger og Voss, og eg trur vi med vårt engasjement og gode politiske arbeid skal vere med å påvirke. Det er av den grunn viktig at også DU engasjerer deg. Bli med og bygg landet. Ta kontakt om saker som er viktige for deg! Dette er vår måte å påvirke.