Pensjonistar fortvilar

«Botnen er skrapa. Vi har ikkje pengar til kle, mat og medisin»

Dette lesarinnlegget er skrive av Kurt Johnny Hæggernæs, leder Pensjonistpartiet.  Foto: privat

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Kurt Johnny Hæggernæs, leder Pensjonistpartiet.

Pensjonistar i Sogn og Fjordane er forbanna og fortvilt

«Vi minstepensjonistar lever under fattigdomsgrensa og trygda rekker ikkje til meir enn til husleige, straum, husartiklar og andre nødvendigheiter. Då blir det ein kamp dag for dag der ein må velje bort kjøp av nødvendigheiter som kled, mat og medisinar.»

Dette er tilbakemeldingar vi får inn dagleg frå fortvilte og forbanna pensjonistar frå Sogn og Fjordane som ikkje veit si arme råd for korleis dei skal klare seg frå dag til dag.

Pensjonistpartiet kan ikkje akseptere at mange av våre eldre skal ha ein slik alderdom og går til kamp og krev at minstepensjonistane får ein pensjon som det er råd til å leve av.

Dette blir difor hovudsaka vår til haustens valkamp

Minstepensjonen må løftast til over fattigdomsgrensa. Vi håper mange vil støtte oss i dette arbeidet.

Og hugs at sjølv om du ikkje er pensjonist i dag, så blir du også det ein dag og då er det sikkert ok at nokon kjempar for pensjonistane sine kår.

Pensjonistane i Sogn og Fjordane fortener betre enn dette.