«Det går ikkje stilt føre seg når fjell skal sprengjast, knusast og utskipast i svære båtar. Ikkje er det støvfritt heller»

Bildet er frå dagens steinbrot på Sætrefjellet.   Foto: Svanhild Breidalen

Meninger

Dette leserinnlegget frå Kirsten Skram er skrive som en kommentar til artikkelen i Fjordenes Tidende 19. februar 2021 om steinbrotet på Aksla.


Flertallet godkjente planene

Ulike meninger om det nye steinbruddet: Et sår i naturen, sier Venstre. Verdiskaping, sier Høyre

Flertallet i formannskapet i Bremanger støttet planen for steinbruddet på Aksla etter en avgrenset høringsrunde på de nye tilpasningene fra tiltakshaver.


Steinbròtet på Aksla og utskipingshavn ved Bårdvikneset

Naturen og folket i Berle har tapt atter ein gong. Den vakre fjorden er utnytta til det nesten absurde, med svære oppdrettsanlegg i alle retningar der det går an, og vindmøller som er spreidd utover hele synsranda (Marefjellet).

Alle hus i Berle har fasaden og utsikta si til fjorden. Sjølinja langs fjorden frå Vingen til Ospeneset er det einaste uberørte ein kan kvile augene på antan ein ser frå stoveglaset eller frå altanen. Støy frå vindmøllene, buldring frå det alle reie etablerte steinbròtet og den alltid enerverande blinkinga frå vindmøllene er der heile tida.

Så skjer det altså at ein i tillegg til dette skal byggje ein utskipingshavn i det gjenverande uberørte langs fjorden.

At nokon, før anlegget er kome i drift, kan påstå at støy og støv ikkje vert noko hinder, er både arrogant og vitnar om lite kjennskap til kva den type forureining og plager fører til.

Det var ingen som fortalde folket i Berle på førehand at vindmøllene skulle ta bort tv- og dabsignal eller om dei raude, blinkande lysa. Politikarane og utbyggjarane var heller ikkje bekymra for dyre -og fuglelivet, uttørka myrar og tap av artsmangfald.

Det ser ikkje ut til at politikarane vil bry seg denne gongen heller. Men eitt er sikkert; det går ikkje stilt føre seg når fjell skal sprengjast, knusast og utskipast i svære båtar. Ikkje er det støvfritt heller.

Kan vi stole på politikarane

Per Arne Eikeland, (Ap) seier i følgje Fjordenes Tidende:

«Tiltakshaver har brukt mye penger på å gjøre utgreiinger og tilpasninger etter hvert som saken har rullet og gått over flere år. Jeg synes det er urimelig å trekke seg når det har gått så lang tid. Det har blitt bedre underveis, med redusert synlighet blant annet. Så nå er det er gjort tilpasninger i henhold til innspill fra politikerne mener jeg det er riktig å stå på det som er lagt fram her.»

Det er jo det som er taktikken: gå hardt ut, tilpass, kom med med lovnader, kom med «avbøtande tiltak» få hjelp av kommunen til å tilpasse, gjere små endringar, så er det i boks

Politikarane i Bremanger må slutte å gjere knefall for utbyggjarane.

Kva er så gevinsten ved å øydelegge naturen i så stor skala som Bremanger kommune legg opp til?

Når det gjeld t.d. vindkraftutbygging vert det frå utbyggjaranne og fleire politikarar stadig peika på at det ligg ein miljøgevinst i prosjekta, og at det er usolidarisk å ikkje tenkje på jordas framtid.

Når det gjeld steinbròtet på Aksla med utskipingshamn i Frøysjøen er der ingen miljø-gevinst, tvert i mot. Då gjenstår det berre eitt argument for utbygging: Økonomi.

At det skal bli så mange varige arbeidsplassar ut av dette er erfaringsmessig ikkje til å stole på. Men Aksla, Bårdvikneset, Frøysjøen og Berle har fått store sår .

Å forsvare naturen er ikkje lett. Den som vågar seg på det overfor politikarar og utbyggjarar, blir ofte skulda for å tenkje emosjonelt og ikkje rasjonelt.

Det et heilt feil, slike tankar er både rasjonelle, kunnskapsbaserte og og framtidsretta.

Så får ein håpe at kommunestyret kjem til ein annan konklusjon enn formannskapet.